– Utan FFO hadde eg ikkje hatt noko å gjere på fritida
Denne veka er det vinterferie, men fotballen i Ørsta tek ikkje pause av den grunn.
Carl Henning Biørnstad er dagleg leiar i Ørsta Fotball og leiar for FFO ordninga. Han synest FFO tilbodet er viktig for borna si fotballutvikling og for å ha ein plass å vere etter skuletid.
Ungane er i full sving i Kiwihallen i Ørsta og alle er einige om at utan FFO hadde det vore veldig kjedelig.
– Utan FFO hadde eg ikkje hatt noko å gjere på fritida, seier Emil (8).
Gratis kjernetid
Dette skuleåret får Ørsta FFO tilskot frå kommunen for å kunne gi gratis ettermiddagstilbod 12 timar pr. veke i skuleåret. Tilbodet gjeld elevar i 2. og 3. klasse ved Velle skule og Vikemarka skule.
Dette prøveordning fog fotballklubben fryktar no at ordninga ikkje vert vidareført til neste sesong.
Konsekvensar
Utan gratis kjernetid er det realistisk å tru at belastninga vert mykje større for SFO. Samstundes har kommunestyret vedteke innsparingar og dette kan ramme SFO-tilbodet kraftig.
Håp
Dagleg leiar held fortsatt håpet oppe, men tanken på at ting kan verte annleis til neste år er ein realitet. Då må dei gjere fleire endingar i FFO-tilbodet.
– Om ordninga ikkje vert vidareført må vi nok sjå nytt på det til neste år. Då kan vi ikkje tilby det same opplegget som vi har hatt i år
Ørsta fotball har framleis eit håp om at denne ordninga skal verte vidareført til neste skuleår.
– Vi har eit veldig stort ynskje om å vidareføre det gode samarbeidet vi har med Ørsta kommune, fortel Biørnstad.
Trygg arena
FFO er ein viktig arena i borna sin kvardag. Undersøkingar viser at heimen ikkje er ein trygg plass for alle born.
I ein artikkel på heimesida til Redd Barna står det at eit av fem born har opplevd fysisk vald frå ein vaksen i heimen minst ein gong, medan eit av tjue har opplevd alvorleg fysisk vald som å verte sparka eller banka opp av ein vaksen i heimen.
Difor er det ikkje alle born som gler seg like mykje til skuleferiane. Dette er ein av grunnane til at det er viktig med trygge arenaer utanfor heimen, også når det er fri frå skulen.
For desse borna kan FFO vere meir enn berre fotballspeling, men ein trygg arena, utan frykt.
Sjå tv-reportasja om Ørsta FFO her: