FRYKTA FOR FRAMTIDA: Runde Miljøsenter ligg ikkje inne i regjeringas forslag til nytt statsbudsjett

- Vi er avhengig av den finanseringa

Runde Miljøsenter er ikkje å sjå i Regjeringas forslag til nytt statsbudsjett.

Publisert Sist oppdatert

FORSLAG TIL STATSBUDSJETT: Onsdag morgen la Regjeringa fram forslag til statsbudsjett for 2027. Her er dei foreløpige postane som vil råke eller gagne Søre Sunnmøre.

Runde Miljøsenter

Runde Miljøsenter ligger ikkje inne i forslaget til nytt statsbudjsett. Senteret har i fleire år gått i underskudd, og styreleiar i Runde Miljøsenter, Bernt Brandal, har varsla at dei ser ut til å gå med underskudd i år også. Utan finansering frå staten vert det veldig tøft for senteret, fortel han.

- Vi er avhengig av den finansieringa. Det er veldig viktig for Runde Miljøsenter.

Miljøsenteret har tidlegare varsla at dei er avhengige av statleg finansiering for å kunne drive. Seinast i fjor, lå senteret i fare for å miste bevilginga, då senteret ikkje lå inne i fjorårets forslag til budsjett heller. Senteret blei i fjor redda i budsjettforhandlinga på Stortinget og fekk invilga 2,5 millionar kroner takka vere SV og MDG.

Men håpet er ikkje ute.

- No setter vi i gang arbeid om å prøve og få det med i det endelege budsjettet.

STYRELEIAR I RUNDE MILJØSENTER, ORDFØRER I HAREID: Bernt Brandal skal saman med resten av styret jobbe for å få miljøsenteret inn i statsbudsjettet.

Fylkesvegar

Regjeringa foreslår 3,2 milliardar i frie inntekter til kommunesektoren, der 600 millionar skal gå til fylkeskommunane. 

Sjukehus

Sjukehusøkonomien foreslås og få 250 milliardar. Dette er 3,1 millardar meir enn i fjor.

Helse Midt-Norge har vedtatt å kutte 1,1 milliardar i 2026. Samstundes har helseforestaket eit statleg lån på to milliardar kroner. Alle ordførarane i fylkeskommunen har sendt inn krav til Regjeringa om auka økonomisk handlingsrom gjennom statsbudsjettet. 

Oppstart for Stad skipstunell

Stad Skipstunell ligg inne med 1050 milliardar kroner som skal gå til oppstart av bygginga av Skipstunnellen.

VERDENS FYRSTE SKIPSTUNELL: Planlagte Stad Skipstunnell

Anna:

- Regjeringa vil bruke 608,4 milliardar kroner av Oljefondet.

- Tilskuddsordninga til selfangsnæringa foreslås avviklast grunna lavare inntekter og færre deltakarar.

- Det blir dyrare og ha el-bil. Momsfordelane for el-bilar foreslås kutta.

- Regjeringa foreslår at du skal få behalde meir av pengane du tenar ved å redusere inntekstskatten.

- Posten foreslås reduserast med 500 millionar. Dette kan bety at posten kjem berre ein dag i veka.

- Regjeringa foreslår 40 millionar i eingangskostnadar til kommunar som slår seg saman. Volda og Ørsta er i diskuterar samanslåing.

- Noregs Mållag


Saken blir oppdatert.

Powered by Labrador CMS