
Vil bli rektor i Molde
Johann Roppen, rektor ved Høgskulen i Volda, er ein av tre kandidatar som stiller til val for å verte rektor ved Høgskolen i Molde.
- Det er akkurat no den mest interessante jobben i kompetansesamanheng i Møre og Romsdal. Molde er ein veldig spennande høgskule. Dei har drive doktorgradundervisning i 20 års tid og har jo vert pionerer her, og i forkant av kva vi i Volda har klart, seier Roppen til Khrono om kvifor han vil verte rektor i Molde.
Roppen er ferdig i stillinga ved Høgskulen i Volda 31. juni i år, etter åtte år ved roret som valt rektor og styreleiar.
Høgskulen i Volda valte ny rektor i desember, der Odd Helge Mjellem Tonheim var einaste kandidat til å ta over stilinga.
I følgje Khrono er dette truleg første gang ein sittande rektor har stilt til val hjå ein annan høgskule.