BOLLEKOS: Amalie Olsen kunne levd av å vere matinfluencer. Her saman med samboeren Aleksander og hunden Felix.

Vil inspirere fleire til å kombinere forskjellige matverdenar

Amalie Olsen (30) lagar videoar med matoppskrifter for over 20 000 følgjarar på TikTok. Ho visste éin ting då ho byrja med sosiale medium: Du kan ikkje ta deg nær.

Publisert

– I dag bryr eg meg ikkje om negative kommentarar, men tidlegare kunne eg slette videoar på grunn av det, seier Amalie Olsen.

I sju år har ho halde på med matlagingsvideoar på både TikTok og Instagram. I starten synest ho det var skummelt å vise ansiktet sitt, i frykt for å få hatefulle kommentarar.

– Samarbeidspartnarar spurte om eg ikkje kunne vise meg sjølv og snakke sjølv, i staden for å berre vise hender. Eg gjekk mange runder med meg sjølv før jeg våga å gjere det, forteller ho.

– Ein skremmande verda

Etter at ho viste ansiktet oppstod det ein dominoeffekt og fleire fulgte etter. Samtidig skjøner ho at dei unge kvir seg for å leggje ut video og bilete av seg sjølv. Ho meiner det er ei skremande og utsjåandefiksert verd vi lever i, der eldre nettbrukarar opptrer som nettroll.

FÅR HETS: Amalie opplever hatkommentarer stadig vekk, det plager ho ikkje lengre.

Ein gong kombinerte Olsen chips og mør, noko som er normalt på Sunnmøre. Sånn type mat er populært og får mange visningar, men då fekk ho ein kommentar som var over grensa.

– Eg laga det med ein vri som eg trudde mange ville like. Då var det ein som sa at eg kjem til å drepe ungane mine i tidleg alder viss eg lagar slik mat, fortel ho.

Ho bryr seg eigentleg ikkje om det og meiner slike kommentarar berre er komisk.

– Det gjer meg ingenting. Eg får fleire følgjarar av det så dei kan berre halde på, seier ho med eit smil om munnen.

Då vi besøkte Olsen, serverte ho ferske bollar og kaffi. Under bordet sprang hunden Felix løpsk rundt medan Olsen fortalde om hobbyen sin.

Ein hobby som gir ro i sjela

Ho er utdanna sjukepleier og jobber i heimesjukepleien i Ørsta. Matlaginga og filminga starta med et ønskje om å vere ein inspirasjon for andre. Ho likar kombinasjonen mellom yrket og hobbyen. Det å gjere noke anna for å unngå å ta med seg jobb heim synes ho er godt.

– Eg slappar av når eg kjem heim og lagar mat. Viss sambuaren min skal lage mat, blir eg nesten sur, humrar ho.

Ho har lært på kurs at når ein tek oppvasken, så kviler hjerna. Hobbyen har byrja å ta masse plass og tid, noko ho likar. Vi spør ho om ho kunne gjort det på heiltid om ho fikk sjansen.

– Eg kan godt tenkje meg å leve av det. Det kan fort gå tre timar på kjøkkenet ein vanleg kveld. Hadde eg ikkje kosa meg så mykje på kjøkkenet, så hadde eg aldri halde på slik eg gjer, forteller ho.

Mange moglegheiter

Med hobbyen sin ønskjer ho å vise andre at det er mange moglegheiter når ein skal lage mat.

– Eg har lyst å inspirere folk til å tørre å gjere meir. Ikkje låse seg til fisk på måndagar, men at ein kan gjere mange andre ting, påpeiker ho.

VIL INSPIRERE: Den matglade ålesunderen vil inspirere andre til å bli glade i å lage mat.

Vener og kjende har alltid spurt henne om oppskrifter. Det gir glede og motivasjon til å halde fram, slik at andre kan få same gleda. Ho meiner at ein fin plass å byrje, er å lage noko ein likar, og så eksperimentere med å gjere det på andre måtar. Det hjelper også å lage mat saman med andre. I godt lag kjem matgleden til dei fleste.

Olsen er også oppteken av å bruke opp det ein har i heimen. Ho tømer ofte frysaren og kjøleskapet slik at ho unngår å kaste mat. 

– Inspirasjonen kjem ofte til meg av å opne kjøleskapet, og så prøver eg å kombinere det eg har før eg lagar min eigen versjon. Det er mykje anna som inspirerer meg, men matgleda har teke heilt av, seier den blide matbloggaren.

Powered by Labrador CMS