
Vinteren er ennå ikkje over: – Det kan framleis bli snø
Den første vårmånaden er rett rundt hjørnet, men dette betyr likevel ikkje at vinteren på Søre Sunnmøre er over for i år.
SØRE SUNNMØRE: No som snøen har smelta på dei fleste stadene på Søre Sunnmøre, er det mange som ventar på vårvêret. Statsmeteorolog Alexander Skeltved kan melde at vinteren mest sannsynleg ikkje har forlate oss for i år.
– Det er framleis moglegheit for at det kan kome snø. På langtidsprognosene ser det ut til at det skal halde seg mildt på dagtid i alle fall godt inn i mars. Men det kan fort kome eit såkalla kaldtluftsutbrudd, og då snur biletet veldig fort. Då kan det kome snø, fortel han.
Første smak av vår
Generelt over Søre Sunnmøre vil det til helga vere mildare vêr med meir opplett.
– Det kjem inn ei litt mildare luft no, noko som betyr at det mest sannsynleg vil halde seg på pluss-sida, i alle fall til og med fredag. Frå laurdag så vil det bli litt kaldare om nettene, men framleis mildt på dagen. På laurdag og søndag kan det bli oppimot 7-8 gradar på dagtid, meldar statsmeteorologen.
Han fortel at det generelt sett er moglegheiter for byger i løpet av fredagen, før det klarnar opp dei to neste dagane.
Skeltved trur at ein denne helga kanskje kan få den første smaken av vårvêret, men at den ikkje kjem for å bli.
– Det går jo mot vår, men eg vil ikkje gå så langt som å seie at snøen er borte for godt, men det er mindre sannsynlig at snøen legg seg over lengre perioder slik som tidlegare i vinter, fortel Skeltved.