VINTERFERIEN PÅ FJELLET: Astrid Nicola Hembre McDonald leiar DNTs vinterbasecamp på Standal

Vintermoro på Standal

Med ski på beina og nysnø under føtene samlar vinterbasecampen ungdom til ei aktiv og sosial vinterferie på Standal. 

Publisert Sist oppdatert

ØRSTA/STANDALEIDET: 13 ungdommar frå 8.–10. trinn samlar seg på Standal 16.–19. februar denne vinterferien. På Kolåstindhytta ventar dagar fylt med skiturar, snøhulegraving og nye vennskap.

– Målet er eigentleg berre at vi skal kose oss. Litt fall og knall i nysnøen er også viktig, seier  miljøterapeut Astrid Nicola Hembre McDonald. Ho er leiar i vinterbasecampen som blir arrangert av Den Norske Turistforening. Måle er å samle friluftsinteresserte ungdommar frå området til ei sosial og lærerik veke i vinterfjellet.

– Det handlar om å skape meistring og fellesskap. Mange av ungdommane kjenner ikkje kvarandre frå før, men det tek som regel ikkje lang tid før dei finn tonen, seier ho.

GRUNDIG GJENNOMGANG: Astrid gjeng gjennom kva som er viktig å ha med seg på fjelltur.

– Føler eg har kjent dei lenge allereie

For Einar Ulla Hoff (14) er ikkje dette første møte med vinterbasecamp.

– Dette er den fjerde basecampen eg er med på. Eg er også med i Unge naturtalenter i DNT, og håpar å bli ung turleiar etter kvart, fortel han.

VIL BLI TURLEIAR: Einar Ulla Hoff (14) trivst best ute i naturen og ønskjer å lære meir om førstehjelp og friluftsliv.

Einar har gått i fjellet sidan han var to år gammal, og trivst best ute i naturen.

– Det fine med å vere ung turleiar er at du kan hjelpe folk i naturen. Du lærer å klare deg sjølv, og å hjelpe andre.

Denne veka håpar han å lære endå meir om førstehjelp og overleving.

– Eg vil bli betre på dei tinga. Og så må eg bli flinkare til å ta med ekstra klede. Det er viktig.

Allereie etter éin dag har han fått nye vennskap.

– Imponerande nok føler eg at eg har kjent fleire av dei ganske lenge allereie. Det er veldig kjekt å bli fort god venn med folk.

– Perfekt måte å vere i lag på

Lina Ringstad Aasmo og Oda Ullstein-Vestbøstad og er veninner frå før, og valde å dra saman.

– Vi synest det er veldig gøy å vere ute i lag, og her får vi masse aktivitetar som er arrangerte for oss. Det er eigentleg perfekt, seier dei.

For Oda står ei ny erfaring for tur.

– Eg har aldri prøvd fjellski før, så det blir veldig gøy.

GODE VENINNER: Lina og Oda trivast saman ute i naturen.

Lina har lang erfaring med friluftsliv og har vore mykje ute i naturen heile livet. I fjor sommar deltok ho på DNT-aktivitetar i fjellet, og trivst godt med å bruke ferien ute.

– Det beste med sånne turar er å møte nye menneske, vere ute i naturen og kose oss.

Så langt har kortspel og aking vore høgdepunkt.

– I går kveld spelte vi kort saman alle, og så aka vi i bakken og fekk skikkeleg fart. Det var veldig, veldig gøy.

Sjølv om det kan vere uvant å bu tett på mange nye menneske, synst dei det har gått bra. 

– Som regel er det veldig hyggelege folk. Då er det null problem å vere så mykje saman.

Aktiv vinterferie

Dagane blir brukte ute på tur, medan kveldane byr på felles middag, spel og sosialt samvær. Deltakarane lærer om trygg ferdsel i vinterfjellet, testar utstyr og får erfaring med både samarbeid og meistring.

For fleire av ungdommane er valet enkelt.

– Vinterferien bør tilbringast på fjellet. Helst med mykje snø, seier dei og smiler.

Og med nysnø i bakkane og latter utanfor hytta, ligg alt til rette for nettopp det.

GOD STEMING: Til tross kort bekjentskap er det god stemning før skitur.
Powered by Labrador CMS