VOLDA: Buss i grøfta
Ein buss har køyrt i grøfta på Bjørke i Volda. Det skal ikkje vere snakk om personskadar, men bussen kjem ikkje vidare utan bistand, det melder politiet på Twitter. Det framstår som udramatisk og passasjerane har allereie reist vidare i ein anna buss. Patrulje køyrer til staden for ein sjekk.