
Volleyballglede for alle
Diamantvolleyball gjev Martine (13) idrettsglede og meistring. Tilbodet for barn og unge med psykisk utviklingshemming starta i Volda i 2021, og no er klubben størst i Noreg.
VOLDA: Martine Bjørneset (13) byrja på diamantvolleyball rett før jul, og synest det er veldig kjekt. Det gjer trenaren også.

– Då eg fekk spørsmålet om å starte opp det her, tenkte eg det verka veldig kjekt, og eg sa ja med ein gong.
Trine Indresøvde Bernås har drive med volleyball heile livet, og har også vore trenar i mange år. Ho stortrivst som trenar for diamantvolleyballen.
– Vi er 13 stykk og i fjor var vi den største klubben i Noreg, seier ho fornøgd.
Sosialt og inkluderande tilbod
Diamantvolleyballen skal vere ein sosial møteplass der ein kan få ein meir aktiv kvardag, og bevege kroppen. Her kan føresette, søsken og støttekontaktar også delta på treningane. Det skapar ein sosial og trygg treningsarena.
– Målet er å få aktivitet i kvardagen, ha det gøy, og møte folk, seier Trine Indresøvde Bernås.
I følge Norges Volleyballforbund, er diamantvolleyball eit tilbod for utøvarar med utviklingshemming, der ein kan skape sosial inkludering igjennom aktivitet og konkurranse. Dette er volleyball sin variant av Unified Sports, som går ut på at personar med og utan utviklingshemming kan spele saman. Ein arena der ein ser moglegheiter i staden for begrensingar.
Ein kan også finne andre liknande tilbod her på Søre Sunnmøre. Eit eksempel er Hødd United; eit fotballag for utviklingshemma frå 16 år og oppover.

For alle
Faren til Martine, Bård Bjørneset, er veldig positiv til tilbodet.
– Eg synest det er eit veldig bra tilbod, og ein kan vere her på sine eigne premiss, seier han.
Han merkar allereie forskjell på Martine, frå før og etter at ho byrja å spele volleyball.
– Det var kanskje litt vanskeleg i begynnelsen, men no synest Martine at det er kjempekjekt, og ho pratar om det i kvardagen. Det er stas! seier han stolt.
God tilbakemelding
Trine Indresøvde Bernås opplever at deltakarane trivst på treningane og set pris på tilbodet.
– Dei møter opp igjen, og har lyst til å vere med. Eg høyrer også at dei skryter om det elles og tenker på det, seier ho.
Når Bernås blir spurt om kva det beste med å vere trenar for desse diamantane, er ho ikkje i tvil.
– Det beste med diamantvolleyball er å møte alle som er her, dei er så kjekke og har lyst til å møte opp. Det gir meg mykje.