Omkom i Rotsethorntunnelen

Ein person omkom i ulukka i Rotsethorntunnelen torsdag kveld.

Publisert Sist oppdatert

VOLDA: Politiet meldte i går kveld om ei ulukke i Rotsethorntunnelen i Volda. 

Ein person omkom i ulukka, og dei næraste pårørande er varsla. 

VIDEO: Sebastian Lerpold

– Ulukka skal ha skjedd rundt to kilometer inne i tunnelen, fortel innsatsleiar Odd-Arne Brynjulfsen. 

Innsatsleiar Odd-Arne Brynjulfsen

Mannskap frå alle naudetatane vart sendt ut. Det er snakk om ei svært alvorleg ulukke, med stor skade på bil og infrastruktur.

– Det er meldt om røykutvikling og gassar inne i tunnelen. Det har gjort til at vi i politiet ikkje får tilgang til tunnelen. 

Det vart ikkje meld om flammer

Tunnelen var stengt heile natta. Statens vegvesen har arbeidd med å sikre omkøyringsruter. Fergesambandet Volda-Folkestad gjekk utover natta.  

Ulukkesgruppa til Statens vegvesen og kriminalteknikarar arbeida heile natta for å finne årsaka til ulukka, ifølgje operasjonsleiar Ragnvald Rasmussen. 

Statens vegvesen reknar med at tunnelen kan opne igjen klokka 17 fredag. Det er omkøyring via ferje til Folkestad inntil vidare.

Ulukka skjedde to kilometer inne i tunnelen
Powered by Labrador CMS