Stian Skorgen Scheide, ordfører i Ulstein kommune.

Ulstein har flest tilfelle av økonomisk sosialhjelp

Antal tilfelle av sosialhjelp har auka i alle kommuner på heile Søre Sunnmøre. 

Publisert Sist oppdatert

ULSTEIN: Torsdag kom det ny statistikk frå Statistisk Sentralbyrå (SSB). Den viste at talet på sosialhjelptilfeller har auka med 9% i 2024 samanlikna med året før.

– Frå og med 2022 ser vi at antall mottakere og utbetalingene auka betydeleg. Dette kan forklarast best av flyktningsituasjonen og prisvekst i økonomien, skriver SSB. 

Talet på sosialhjelptilfeller varier mykje frå år til år. Til dømes var det i Hareid 149 tilfeller i 2024, mens det var høvevis 78 og 179 dei to åra før. 

Kommunen med flest tilfeller på søre Sunnmøre er Ulstein. Der har det vore 334 sosialtilfeller i 2024.

–  Det er ikkje så dramatisk som ein skulle tru, og det er ei forventa auking, fortel ordførar i Ulstein kommune, Stian Scheine.

– Vi har tatt imot mange flyktninger siste åra. Til det følger også midla som skal dekke denne auken, utdjupar han. 

Powered by Labrador CMS