MANGE ÅR I BRANSJEN: Tømrar Willy Skogen har jobba i byggjebransjen i fleire tiår. Han meiner arbeid held kroppen i gang – sjølv om det også set sine spor.

Arbeid kan slite ut, men held oss også friske

Årets folkehelseprofil viser at arbeid er ein av dei viktigaste faktorane for god helse. For tømrar Willy Skogen (64) har eit langt yrkesliv halde han i form – men han kjenner det i kroppen.

Publisert

ØRSTA: På byggeplassen går det i takstolar, bjelkelag og tunge løft. Willy Skogen har jobba i Mesterhus i snart 26 år, og har hatt eit heilt yrkesliv i fysisk arbeid, både på land og til sjøs.

– Det er klart det slit på. Eg kjenner det i kne, rygg og hofter. Kroppen blir ikkje yngre, seier han.

Det mest krevjande er råbygg. – Der blir det mykje klatring opp og ned, arbeid over hovudet og tunge løft.

Vinteren kan vere ekstra tøff.

– Kulda er det verste. Du blir stiv i hendene og mister grep og følelse. Då må du inn og varme deg før du kan fortsette.

MERKAR DET PÅ KROPPEN: Etter mange år i fysisk arbeid kjenner Willy Skogen at kroppen har vore gjennom mykje – men han trivst framleis best når han får bruke hendene.

Gjennom åra har han opplevd farlege situasjonar. Han har gått gjennom eit bjelkelag og landa på ei sag, men heldigvis utan at det gjekk gale. Han veit også støyen set spor.

– Høyrsla er noko som går igjen hos oss snekkarar. Du må ofte spørje ein gong ekstra om kva folk seier når dei snakker til deg. 

Likevel er han tydeleg:

– Jobben held meg i form. Eg trenar ikkje utanom. Eg får brukt kroppen kvar dag, og det trur eg er bra.

Han har aldri hatt kontorjobb, og kunne ikkje tenkt seg heimekontor.

– Du kan ikkje montere kjøken heime på kontoret, seier han og ler.

Arbeid og helse heng saman

Årets folkehelseprofil har temaet «Arbeid – ein viktig del av vaksenlivet». Bodskapen deira: Å vere i arbeid betyr mykje for både fysisk og psykisk helse.

– Arbeid og folkehelse går hand i hand, seier Jahn Christer Humberset, avdelingsleiar i Furene Utvikling AS i Volda.

ESSENSIELT: Jahn Christer Humberset i Furene Utvikling AS meiner arbeid er ein viktig nøkkel til god folkehelse og tilhøyrsle i kvardagen.

Selskapet, arbeider med arbeidsinkludering, opplæring og tett oppfølging av menneske som av ulike grunnar står utanfor arbeidslivet.

– Vi menneske treng tilhøyrsle. Det å møte kollegaer, løyse oppgåver saman og kjenne at du bidreg til noko større enn deg sjølv, er sterke friskfaktorar.

Han seier dei ser det tydeleg når folk kjem ut i jobb.

– Kroppsspråket endrar seg. Folk får meir energi. Nokre fortel at plager dei har hatt lenge, som hovudverk eller vondt i kroppen, blir mindre når dei kjem inn i ein fast kvardag med struktur og meining.

IKKJE TILFELDIG: Meiner arbeid og god helse går hand i hand

Ein jobb gir ikkje berre løn, men også rytme.

– Du må opp om morgonen. Du får i deg frukost. Du møter folk. Mange av dei gode vanane kjem nesten av seg sjølve.

Kan slite – på ulike måtar

Samtidig understrekar Humberset at arbeid ikkje automatisk er helsefremjande.

– For dei med fysisk arbeid kan det handle om slitasjeskadar, tunge løft og belastning over tid. For dei med kontorjobb kan det vere stillesitjing, stress og mangel på rørsle.

Begge delar kan gi helseutfordringar dersom ein ikkje er bevisst.

– God helse kjem ikkje tilfeldig. Enten du er tømrar eller kontorarbeidar, må du ta aktive val for å ta vare på kroppen.

Skogen kjenner denne realiteten godt. Etter fleire tiår i yrket merkar han at kroppen brukar lengre tid på å hente seg inn att.

LIKER Å BRUKE KROPPEN: Fysisk arbeid gjer godt, meiner Willy

– Du kjenner det dagen etter. Det gjer du, seier han.

Likevel opplever han at jobben har halde han sterk og aktiv.

– Eg trur det er verre å ikkje bruke kroppen i det heile.

Også det å stå utanfor kan slite

Humberset peikar på at alternativet om å stå utanfor arbeidslivet også kan ha ein pris.

– Å vere på utsida av fellesskapet, utan struktur og utan å kjenne at du bidreg, kan vere tungt både psykisk og fysisk.

Manglande tilhøyrsle kan føre til mindre aktivitet, dårlegare økonomi og svakare helse over tid. Det kan bli ein negativ spiral.

– Det å sitje på utsida og kjenne at du ikkje får vere med, kan vere svært belastande for sjølvkjensla, seier han.

Difor meiner han det er avgjerande å skape eit arbeidsliv med plass til fleire og som tek vare på dei som står i det. 

Ei balansegang

For Willy Skogen handlar det no om å halde fram så lenge kroppen tåler det.

TRIVST I ARBEID: Han er tydeleg på at han ønskjer å arbeide så lenge som kroppen tillater det

– Det kjem an på helsa. Eg tek eitt år om gongen.

Han er stolt av arbeidet sitt.

– Det kjekkaste er å skape noko. Du kan køyre forbi eit hus og seie: «Det har eg vore med og bygd».

 

Powered by Labrador CMS