PÅ TOPP: Havila Capella vann prestisjepris i Oslo i helga.
PÅ TOPP: Havila Capella vann prestisjepris i Oslo i helga.

Sunnmørsk kystrutebåt vann prestisjepris

Under Nor-shipping-messa i Oslo i helga blei "Havila Capella" tildelt "Next Generation Ship award". Kystrutebåten er den mest miljøvennlege i heile verda.

Publisert Sist oppdatert

SUNNMØRE: Havila Kystruten er eit datterselskap av Havila Holding AS i Fosnavåg. Kystrutebåten deira "Havila Capella" går fra Bergen til Kirkenes, som er ei kjend norsk kystrute.

Administrerande direktør i Havila Kystruter, Bent Martini, syns det er fantastisk at ein av deira båtar får tildelt ein slik pris.

– Det er ei anerkjenning for selskapet, alle dei tilsette, underleverandørar og andre. Dei har bidrege til at prosjektet har blitt realisert, understrekar han.

Banebrytande teknologi

"Next Generation Ship Award" er ein pris som blir tildelt det fartøyet som har det mest lovande designet, og teknologi knytt til berekraft. Skipet sin banebrytande teknologi gjer at det kan segle med nullutslepp.

Dette skriv reiarlaget om skipet på sine nettsider:

"Havila Capella er et plug-in hybridskip med verdens største batteripakke designet for passasjerskip. Batteripakken gir Havila Capella mulighet til å seile i fire timer uten støy og utslipp, noe som betyr at hun kan seile stille og bærekraftig gjennom verdensarvfjorder og uberørte omgivelser langs norskekysten."

Selskapet satsar på grønare løysingar, og meir miljøvennlege måtar og utnytte teknologien på. Martini fortel at prisen tyder på at dei har gjort mykje riktig.

– Det viser at vårt fokus på miljø og berekraft må vere prioritert i alt vi gjer, seier han.

På veg mot eit grønt skifte

Bedrifta er oppteken av ei grønare framtid. Martini meiner dette er eit bevis på at den innovative skipsteknologien deira er en pionér mot eit grønt skifte.

Framtida er grønare. Saman med dei andre aktørane som har bidrege til dette prosjektet, vil vi kunne vere med på å flytte grensene når det gjeld å ta heile næringa mot nullutslepp.

Havila Kystruten har investert over 500 millionar kroner for å gjere sine kystruteskip meir miljøvennlege. Batteripakkane er blant anna med på å kutte Nitrogenoksid-utsleppa med rundt 90 prosent og CO2-utsleppa med rundt 25 prosent.

– Vi har investert mykje i trua på at vi skal klare å flytte oss på miljøsida, og mot nullutslepp. Det er vi i ferd med å gjere. Andre selskap er åtte til ti år etter oss i satsinga, så dette er kjempestort, uttrykker Martini.