
Herøy kommune har fått tilråding om Robek
Tilrådinga om å melde Herøy kommune inn i Robek-registeret, kjem ifrå Statsforvalteren i Møre og Romsdal.
Årsaka til at tilrådinga kjem, er at kommunen i 2023 og 2024 hadde eit meirforbruk på over tre prosent av driftsinnntektene dei to åra. Det er meir enn det som er tillate i kommunelova.
Om Herøy kommune no kjem med i Robek-registeret, vil det seie at kommunen får mindre økonomisk fridom.
Det vil seie at om kommunen til dømes ynskjer eit låneopptak, så må dei ha statleg godkjenning til dette.
Ifølgje ei oversikt frå Regjeringa.no, var kommunen sist på Robek i perioden 2001-2003.
I dag er to andre kommuner på Søre Sunnmøre med i registeret. Dei to kommunene er Hareid og Sande, som også har tidligare historie i å hamne på Robek. Sistnemnde har hamna på Robek fire gonger i løpet av dei siste 22 åra.
Om Herøy følgjer tilrådinga til Statsforvaltaren, vil dei altså bli den tredje kommunen på Søre Sunnmøre i økonomisk ubalanse.
Har føreslått kommunesamanslåing
For omtrent ein månad sidan blei kommunestyret i Herøy einige om å innleie ein formell prosess om kommunesammenslåing.
Invitasjonen blei sendt til fire andre kommuner: Hareid, Sande, Ulstein og Vanylven.
Visjonen er at den nye "5K-kommunen" skal etablerast ved inngangen av 2028.
Invitasjonen vert drøfta på kommunestyremøte i Sande, tysdag 16. september. Der var kommunestyret samla sett positive til ei samanslåing.

Ikkje alle er like positive
Sjølv om invitasjonen vert drøfta i Sande, vert den ikkje diskutert under kommunestyremøte i Hareid kommune, torsdag 18. september.
Då Nærnett spurde om ein kommentar ifrå ordførar Bernt Brandal, blei det nemnt at dei heller ville fokusere på eigen økonomi før ei samanslåing vert aktuelt.
– Vi skal sjå på måtar å samarbeide på, men fyrst skal vi få orden på vår eigen økonomi, fortel han.

– Skal dere ikkje drøfte dette i det heile tatt?
– Det kjem på eit seinare møte, svarer Brandal.
Vi oppdaterer saka.