Milliongevinst eller miljøkrise?
Medan Volda kommune fyller opp ei tom kommunekasse med millionar frå oppdrettsnæringa, har lakseelvane i kommunen vore stengde i fem år. – Det er pengemakta som bestemmer, seier Knut Magne Årseth, leiar i fiskeutvalget i Volda Jeger-og Sportsfiskarlag.
VOLDA: Sommaren 2026 har vore prega av ein nasjonal villakskrise med tomme elvar og ekstraordinære stengingar over heile landet. Men i Volda er ikkje dette nytt. Her har Miljødirektoratet halde elvane stengde for laksefiske i over fem år fordi dei meiner bestanden er altfor låg.
– Det er ikkje særleg stor bestand i år heller, seier Knut Magne Årseth, leiar i Volda Jeger og Sportsfiskarlag.
Fiskeutvalget har jamleg tilsyn med elvane og følgjer nøye med på kva som går opp for å gyte i elvar som Øyraelva, Kilselva og i Austefjorden. Årseth meiner Miljødirektoratet bommar på reknestykka sine, og peikar på at det framleis går opp laks i heile september og oktober. Likevel legg han ikkje skjul på at situasjonen for den lokale laksen er dramatisk, og meiner årsakene er menneskeskapte.
Miljødirektoratet: – Situasjonen krev strenge tiltak
Miljødirektoratet forsvarar dei langvarige stengingane og seier at deira reguleringar baserer seg på grundige vitskaplege modellar og gytebestandsmål utarbeidde i samarbeid med Norsk institutt for naturforskning (NINA).
Sjølv om det blir observert laks i elvane utover hausten, slår direktoratet fast at det totale talet på overlevande fisk som rekk å gyte, er altfor lavt til at bestandane tåler beskatning frå fiske. Forbodet blir difor oppretthalde for å gje elvane i Volda ein sjanse til å hente seg inn att på naturleg vis.
– Våre modellar viser at det totale talet på gytelaks i Volda-vassdraga er kritisk lågt. Bestanden tåler rett og slett ikkje at det blir fiska av den. Skal ein opretthalde lalksbestandne på sikt, må elvane ro til å hente seg inn att på naturleg vis, seier Miljødirektoratet.
Klekkeriet som forsvann
Ifølgje Årseth har to store faktorar kvelt den lokale laksestammen. Den første handlar om eit lokalpolitisk val i Volda kommune for nokre år sidan. Tidlegare hadde foreininga eit eige klekkeri som sette ut mellom 10 000 og 30 000 lakseyngel i vassdraga kvart einaste år.
– Det påverka bestanden vesentleg. Men klekkeriet vart lagt ned fordi kommunen bygde den nye Øyra skule. Då rann alt avløpsvatnet frå byggeperioden rett inn i anlegget, forklarar Årseth oppgitt.
På dette punktet kolliderer synet til dei lokale fiskarane med Miljødirektoratet sin nasjonale strategi. Direktoratet sin faglige linje er nemleg at kunstig utsetting av lakseyngel frå klekkeri ikkje er ei berekraftig løysing på sikt. Forvaltninga peikar på at slik utsetting over tid kan svekke villaksen sin genetiske robusthet, og at fokus heller må rettast mot å betre dei naturlege levekåra i elvane.
Milliardar av lakselus i fjorden
Den største og mest kritiske trusselen finn vi likevel etter at laksen har forlate elva. Voldsfjorden er i dag fylt med aktive oppdrettsanlegg. Når den sårbare laksesmolten skal vandra ut i havet for å spise seg stor, må den symje rett gjennom det Årseth beskriv som ei dødsfelle.
– Laksen har rute gjennom heile fjordsystemet. Det blir produsert milliardar av lakselus i oppdrettsmerdane, og dette smittar over på den utvandrande smolten. Fisken får lusa, mistar vekt eller døyr før han rekk å koma tilbake som vaksen fisk, seier Årseth.
Her er Miljødirektoratet langt på veg samde med bekymringa frå lokallaget. Direktoratet anerkjenner at lakseluspresset frå opne oppdrettsanlegg utgjer ein av dei aller største og mest alvorlege truslane mot utvandrende villakssmolt i Noreg i dag.
Likevel reagerer Årseth sterkt på at det no også blir lagt til rette for nye oppdrettsanlegg til blant anna kveite i fjordsystemet.
– Det er heilt unødvendig, for vi har nok villkveite. Fjordsystemet blir forureina av avføring og utslepp. Det ødelegger økosystemet heilt, men slik blir det når pengemakta bestemmer, seier han og avsluttar:
– Politikarane er jo kjempeglade for å få oppdrettsanlegg i fjorden for å få litt sårt trengde skattekroner inn i ei veldig tom kommunekasse.
Tjener godt på laksens største trussel
Kontrasten i Volda er skarp. Samtidig som villaksen i Øyraelva og Kilselva kjempar for å overleve, mottar Volda kommune millionar av kroner kvart år frå Havbruksfondet. Pengar som blir utbetalt nettopp fordi kommunen stiller sjøareal til disposisjon for oppdrettsindustrien.
Berre i 2024 fekk Volda kommune over 12,6 millioner kroner frå fondet, etterfulgt av nærmare 3 millioner kroner i 2025.
Desse millionane gjer det vanskeleg å seie nei til meir oppdrett, og ordføraren legg ikkje skjul på at pengane har mykje å seie for dei lokalpolitiske prioriteringane.
– Havbruksfondet er absolutt viktig for oss. Vi får ganske mykje pengar derfrå, og det er klart det er viktig i ei tynt utstyrt kommunekasse, seier Sølvi Dimmen.
– Viss kommunane skal vere villige til å avgi naturressursar, som havstykket til oppdrett, så må det jo ligge ei gulrot der. Det er jo derfor ein får pengar tilbake. Viss ein ikkje hadde fått det, hadde ein kanskje vore mindre villig til det.
Set foten ned: – No er det nok
Sjølv om pengane fristar, seier ordføraren at det er eit vanskeleg dilemma når kommunen og næringslivet utnyttar dei same areala som laksen treng. Ho seier at Volda kommune difor har valt å bremse vidare utbygging i fjorden.
– Vi har sagt at vi synest det er nok oppdrett i fjorden vår akkurat no. Det er med tanke på at vi veit for lite om konsekvensane av dette, ikkje berre for villaksen, men for lokal ferskfisk og torsk som gyt i området, seier ordføraren.
Kommunen har brukt høyringsuttalelsane sine til å be om at næringa tek seg betre tid, og har søkt om natursatsmidlar for å kartlegge fjorden betre. Dimmen understrekar at kommunen sitt eige handlingsrom er begrensa.
– Det er ei regulert næring. Det er ikkje kommunen som styrer reguleringa, det er fagdepartementet. Dette er ei næring ein ynskjer å oppretthalde, men handlingsrommet vårt er ikkje veldig stort, avsluttar ordføraren.