Andrea Velle Skjeret (36) og Mia Moldestad (33) opnar opp om oppturane og nedturane i livet i ny bygde-podkast.

Har starta podkast for å skape meir openheit om psykisk og fysisk helse

Andrea Velle Skjeret (36) og Mia Moldestad (33) ville ha ein ny hobby. I podkasten Damer frå Bygda pratar dei om kvardagslivet, om å slite med både psykisk og fysisk helse, og at det er heilt greit å ikkje vere Instagram-fjellgeit eller supermamma.

Publisert Sist oppdatert

– Eg følte på ein slags utanforskap, og at eg ville ha noko å brenne for, fortel Andrea Velle Skjeret (36).

Ho overtalte venninna Mia Moldestad (33) til å bli med og starte ein podkast.

– Ein kveld etter eit par glas med cider, drog Andrea fram PC-en og sa «no skal vi starte podkast». Da hadde ho nemnt det eit par gongar tidlegare, men eg trudde ikkje ho meinte alvor, ler Moldestad.

Og podkast blei det. To mikrofonar og åtte veker seinare har damene frå bygda gitt ut ni epiosdar, og fått rundt hundre lyttarar. I innboksen er det mange tilbakemeldingar på at folk kjenner seg igjen i kvardagslivet deira.

Blei venner i Volda

Dei to damene kjem begge frå Sykkylven, men flytta til Volda i 2011 for å studere. Sjølv om dei visste om kvarandra frå før, var det her dei blei vener.

– Barna våre gjekk i den same studentbarnehagen, så det var slik vi blei merksame på kvarandre, fortel Mia.

Ho er utdanna lærar, medan Andrea gjekk sosionom-utdanninga ved høgskulen.

Ti år seinare har både Mia og Andrea tre barn kvar, og dei har begge vore gjennom samlivsbrot.

Men Volda er framleis heimen deira.

– Dette er heim ja. Her har eg landa, seier Andrea.

Både Andrea og Mia har møtt på fleire utfordringar i livet, og da prøver dei å hugse på at "det er betre å flire enn å grine". Dette er eit av bodskapa dei ønskjer å formidle til lyttarane.

Vil ikkje skamme seg lenger

For augeblinken er dei to mødrene heimeverande, sjølv om dei absolutt skulle ønskje at dei hadde ein jobb og rutine å gå til. Andrea slit med angst, lågt stoffskifte og fibromyalgi, og Mia har fått påvist multippel sklerose (MS).

I podkasten opnar dei også opp om fleire problem i livet:

– Eg har og slite med overvekt og blei mykje mobba for det i barndomen. I seinare tid tok eg en slankeoperasjon, men når eg ser meg i spegelen ser eg framleis den tjukke meg, fortel Mia.

Andre tema dei snakkar om er at dei er lei forventningane om at alle skal gå på fjelltur, vere ute med barna heile dagen og ta på seg alle slags verv.

– Vi veit at vi tråkker inn i fleire minefelt, men eg er ikkje ein dårleg person sjølv om eg ikkje har ein Audi i garasjen, og kan gå på jobb kvar dag, fastslår Andrea.

– Veldig skummelt

Dei to tilflytta voldingane fortel at det er einsamt utan jobb, og at podkasten har gitt dei ein ny meining i livet.

Dei to veninnene har lenge vore stille om opplevingane sine, så det er skummelt å vere så opne i den nye hobbyen. Andrea trur det er ei god øving.

– Vi treng å lære å stå i dette, og klare å børste det litt av oss. Eg treng ikke skamme meg over at eg ikkje klarer å jobbe.

Sjølv har ikkje Mia høyrt på ein einaste episode av podkasten.

– Det er jo veldig skummelt. Vi pratar om ting eg alltid har heldt skjult. Men eg vil vise livet slik det er. Vi har vår bagasje, og deler det som det er.

Ho ser bort på venninna som beskriv heile prosessen som ubehageleg, men frigjerande.

– Vi gjer jo dette også for å hjelpe folk. Podkasten er litt hjelp til sjølvhjelp, og vi vil skape meir openheit, fortel Andrea.

Ho ser ikkje bort ifrå at nettrolla kjem, men håper at dei vil klare å stå i det også.

Eigen tilhengarskare

Bygde-damene har allereie fått ein eigen tilhengarskare, og døypt dei bygdafolket.

– Vi håper at lyttarane føler eit fellesskap med oss, og vi vil gjerne vere dei venninnene dei ikkje visste at dei hadde, seier Andrea.

Også familien deira er støttande, og mora til Andrea har fått tittelen super-supportar. Dei håper også at barna deira set pris på openheita.

– Eg håper jo at barna ser at dei er ok å vere open om vanskelege tema, seier Mia.

Ho legg til:

– Elles håper vi at folk tenkjer at vi er to steike morosame damer.

– Ja, vi har jo begge litt teit og lik humor, særleg etter eit par cider, ler Andrea.

Ho seier dei no køyrer på for fullt. Neste steg på planen er å søke om midlar til betre utstyr hjå diverse bankar og organisasjonar. Enn så lenge er det berre to mikrofonar, ein sliten PC og ein bokstabel som dei treng for dei neste epiosdane.

Powered by Labrador CMS