KOKOS ISTADEN FOR PLAST: Eit alternativ til plast rundt meisebollar kan vere kokos.

Sigurjon slår eit slag for fuglelivet

Plastnetting utanpå meisebollar kan vere farleg for både fuglar og naturen rundt. Sigurjon produserer eigne, plastfrie meisebollar, og sel dei på Facebook.

Publisert Sist oppdatert

– Vi set ut fuglemat for at fuglane skal overleve vinteren, og så kan dei ende opp med å bli skada istaden. Det er ikkje bra, seier 24 år gamle Sigurjon Bjarni Sveinsson frå Ørsta.

NATURELSKAR: Sigurjon Bjarni Sveinsson er oppteken av å ta vare på naturen.

I fjor las han ein NRK-artikkel om at plastnettinga utanpå meisebollar ein får kjøpt i butikken kan skade fuglane - og fann ut at dette ville han gjere noko med. Han ville byrje å produsere eigen fuglemat, heilt fri for plastnetting utanpå. Ørstingen hadde allereie heldt på med produksjon av fuglemat tidlegare, gjennom eit valfag på vidaregåande skule.

BirdLife

  • Friviljug naturvernorganisasjon med hovudvekt på fuglar og vern av dei
  • Heitte Norsk Ornitologisk Forening fram til 2021
  • Arbeider med å bevare fugleartane og områda dei lever i
  • Har om lag 12 500 medlemmar og har avdeling i alle fylke

Kjelde:

https://www.birdlife.no/organisasjonen/om.php

– Eg kontakta ei veninne frå valfaget og ba om oppskrifta. Den fekk eg, og no har eg heldt på med dette sidan i fjor vinter. Eg vil gjere noko for fuglane og naturen.

Sidan oppretta Sveinsson ei Facebook-side og byrja å selje meisebollane der. Ørstingen kan fortelje at han har motteke god respons.

– Eg har fått ein del likes på sida, og har fått gode attendemeldingar.

Kan påverke både fuglane og naturen rundt

– Éin ting er at fuglane kan setje seg fast i plastnettinga medan dei et av meisebollane - ein annan ting er at ofte når dei er tomme, så forsvinn dei i naturen. Da kan andre, både fuglar og dyr, vikle seg inn i dei.

Det seier leiar for BirdLife Møre og Romsdal, Olbjørn Kvernberg. BirdLife si anbefaling er at dersom du har meisebollar som er pakka inn i plastnetting, så burde du ta bollen ut av nettingen, og bruke ein haldar utan netting.

Men det beste er uansett å kjøpe eller lage heimlaga fuglemat, fortel Kvernberg.

– Ein kan bruke nøtter, frø og feitt. Det blir betre kvalitet på det, enn på det du får kjøpt i butikken. Og det blir billigare òg.

FLOTT INNPAKNING: Slik er innpakninga som kundane får levert varane i.

Nøgde fuglar

At fuglane likar heimelaga meisebollar, kan Sveinsson stadfeste. Attendemeldingane har vore gode.

– Kollektivet til besteveninna mi hadde kjøpt meisebollar av meg, og da fekk eg eit triveleg julekort frå dei. Der stod det "fuglane har kosa seg masse hjå oss. Tusen takk for det!"


Powered by Labrador CMS