
– Sjølvbetente kassar gjer det lettare å få tak i tobakksvarer
På fleire butikkar kan ein kjøpe tobakksvarer med hjelp av fingeravtrykk. Ifølgje Helsedirektoratet vil ubetent sal av tobakksvarer og alkohol i større grad leggje til rette for langing til mindreårige.
HELSE: Sjølvbetente kassar er designa slik at handelen skal gå fort.
Skal du kjøpe tobakk ved ein sjølvbetent kasse for første gong, hjelper ein butikktilsett deg til å scanne fingeravtrykket ditt. Samtidig sjekkar den tilsette legitimasjonen din.
Når det er gjort, vil fingeravtrykket ditt liggje lagra, noko som betyr at neste gong du kjøper tobakk frå den butikken, kan det gjerast utan oppsyn frå ein butikktilsett.
Slik fungerer det på blant anna Kiwi. Nærnett har forsøkt å kome i kontakt med Kiwi Volda, men dei ynskjer ikkje å kommentere saka.

Meiner systemet kan lurast
Dette systemet skal då vêre sikkert, men er det mogleg å lure det?
Ola Blom (16) og Leander Nygaard (16) fortel at dei har høyrt rykte om at mindreårige har fått hjelp av andre til å scanne fingeravtrykket ved sjølvbetente kassar, utan at det blir merka.

– Eg har høyrd om folk som har fått hjelp til å setje fingeravtrykk og kjøpt tobakksvarer utan at nokon tilsette har merka det, seier Blom.
Han understrekar at dette berre er rykte.
Tilsett ved Spar Volda Ola Rekkedal Aasen kjenner seg ikkje igjen i rykta, og meiner at dei har kontroll på at ingen mindreårige kjøper tobakk eller alkohol.
– Vi sjekkar alltid legitimasjon når nokon skal leggje inn fingeravtrykk, seier Aasen.
Kommunen har ansvaret
På spørsmål til Helsedirektoratet om kven som er ansvarlege rundt kontroll av salg av tobakksprodukter, svarer dei at kommunane er hovudansvarlege
– Det er kommunane sitt ansvar å føre tilsyn med at utsalgssteder overheld reglane for sal av tobakksvarer, skriv avdelingsdirektør for miljø og helse i Helsedirektoratet, Erlend Bø.
Han skriv vidare at direktoratet ikkje har mottatt nokon tips om bruk av sjølvbetente kassar.
– Vi har ikkje mottatt særskilde tips i samanheng med med bruken av sjølvbetente kassar.