DIGITALISERT: Driftsleiaren i Coop Nordvest, Fredrik Iversen, er fornøgd med den digitaliserte butikken.

Vil selje alkohol i ubemanna butikk

Coop Marked Gjerdsvika har sendt søknad til Sande kommune om å selge alkohol i sin digitale butikk.

Publisert Sist oppdatert

SANDE: Sidan september 2022 har Coop butikken i Gjerdsvika vore digitalt bemanna. I dag er det ikkje mogleg å kjøpe alkohol i butikken. 

No ønsker driftsleiaren i Coop Nordvest, Fredrik Iversen, å tilby alkoholvarer i den heildigitaliserte butikken når den berre er digitalt bemanna.

– Vi søker om å få selge alkohol innanfor de kommunale salstidene for alkohol. Det vil gjere ting mykje enklare, seier Iversen.

Butikken er fysisk bemanna fr kl. 12 og 18. Utanom dette er det berre digitale hjelpemidlar som styrer. Det gjer at opningstida til butikken er frå 06 til 23.

For å kome seg inn i butikken og handle brukar kundane ein app som heiter Coop Key. Butikken har mange kamera og ein vaktsentral som følgjer med på kundane og som har moglegheit til å kontakt med dei, om det er nødvendig.

– Sikrare enn ein vanleg butikk

– For å kjøpe alkohol må kundane scanne ein QR-kode på alkoholskapet og logge inn med bank-ID via Coopkey for å opne det. Vaktsentralen blir varsla, som observerer og vurderer om det er noko behov for å gripe inn. Er alt greit, blir skapet opna og kunden tar det han vil ha.

I sjølvbeteningskassane må kunden registrere seg på nytt med bank-id for å få lov til å kjøpe alkohol. Dette er for å auke sikkerheita og hindre at mindreårige kan kjøpe alkohol. 

SJØLVBETENT: Går alt etter planen, vil det bli mogleg å kjøpe alkohol her, sjølv om det ikkje jobbar folk.

– Den sikkerheita er ivareteken. Mindreårige får rett og slett ikkje låst opp skapet, slår han fast.

Driftsleiaren meiner at sikkerheita er betre enn i ein vanleg butikk.

– Eg trur det vil bli vanskelegare å kunne stele, på grunn av alle sikkerheitsystema ein må gjennom. Ein må verifisere seg mange gongar og vaktsentralen følgjer med til ein kvar tid, så det blir ikkje noko problem.

Venter på svar

Det er fleire butikkar i Noreg som har lov til å selge alkohol i ein slik digitalisert butikk. Det håpa Iversen blir mogleg også i Sande.

– Vi ønskjer å framskunde prossesen, fordi det er eit viktig tilbod som vi kan gi til kundane våre. Ein digitalisert butikk med dette tilbodet vil styrke butikken fordi då kan ein ta heile handlereisa på nærbutikken sin, slik at ein slepp å reise langt.

Den digitaliserte butikken i Gjerdsvika har fått gode tilbakemeldingar frå lokalbefolkninga, og no er håpet at den skal bli betre.

 – Det er eit stort engasjement for butikken. GNU-Gjerdsvika næringsutviklingslag bidreg ekstremt mykje. Uten dei så hadde vi nok ikkje kome så langt. No har vi fått ein fin butikk, som vi ønskjer skal bli enda betre, avsluttar driftsleiaren.

Powered by Labrador CMS