HISTORIE: Trolldom og hekser hadde si storheitstid på 1600-talet. Likevel ser vi at det framleis eksisterer ein tru på ond trolldom den dag i dag.

Anne var blant dei siste heksene i Norge

– Folketrua frå 1600-talet er relevant i dag fordi den framleis eksisterer.

Publisert Sist oppdatert

VOLDA: På 1600-talet var trua på hekser og trolldom utbreidd i heile verda. På Sunnmøre var det fleire saker der trollfolk fekk dødsstraff med brenning på bålet. Nokre av dei siste norske trolldomsprosessane skjedde i Vanylven.

Haakon Hegsvold Sørlie er stipendiat ved Høgskulen i Volda. I si bachelor- og masteroppgåve skreiv han om trolldomsprosessane i Norge. Gjennom arbeidet med dette har han lese om alle dei kjende trolldomsprosessane i landet. 

STIPENDIAT VED HVO: Haakon Sørlie har lese alle trolldomsprosessane i Norge og fortel oss historia om Anne Mogensdatter Løset. Han er no på sitt nest siste år i sin doktorgrad.

– Eg prøver å leve etter eit gamalt sitat som seier at ein historikar ikkje arbeider med perioder, men med tema, seier han, og refererer til lord John Acton.

Sørlie interesserer seg i trolldom frå antikken til i dag, men forklarer at sidan dei fleste kjende trolldomsprosessane i Europa er frå tidleg nytid (ca. 1517-1814), har det blitt hans fokusområde.

Ein valdeleg periode i historia

Sørlie fortel at tidleg nytid var ein valdeleg periode med svolt, krig og stort sosialt press. Dette førte til at det var mykje desperasjon blant folk. Desperasjonen kom fram både i at folk fort blei aggressive som kunne aktivisere folketrua.

– Folk trudde faktisk på trolldom, det var ei heilt rasjonell forklaring på sjukdom, daud og liding, seier stipendiaten. 

Kombinasjonen av desperate folk og trua på trolldom måtte slå ut negativt for nokon. Kjernetida for trolldomsprosessane i Norge var mellom 1620-1665, men i Vanylven finn vi nokre av dei siste kjende sakene i landet.

Anne Mogensdatter Løset var ei av dei som blei skulda for trolldom i Vanylven. 

Mellom 16. juli 1679 og 4. desember same året blei Anne stilt for Rovde Bygdeting gjennom fire omgangar. Rettsaka hennar førte til ein såkalla kjedeprosess, altså at ein trolldomsprosess utløyste fleire andre trolldomsprosessar ved at nye folk blei mistenkte.

Kjende namn i denne kjedeprosessen er Ingebrigt Størkersen og Marit Johannesdatter Løset. 

FORSKINGSARBEID: Haakon Sørlie fortel at Volda er ein fin stad å arbeide frå fordi mykje av arkivet i dag er digitalisert. Likevel må han ta nokre "arkivturar" til byane om han treng dokument som ikkje er digitalisert.

Trua på trolldom eksisterar den dag i dag

Sørlie meiner at historia frå 1600-talet framleis er viktig for oss i dag. Han fortel om fleire tilfelle der trolldomstru er sentralt i moderne tid.

– Det er eit eurosentrisk perspektiv å tru at trolldomstruas tid er forbi, seier han.

Ein stor studie frå 2022 viser at av 140.000 menneske frå 95 ulike land trur 40 prosent på at heksekunst fins. Dette gjeld både "uskuldig spåkoneverksemd" og ei tru på at menneske kan skade kvarandre med trolldom.

Sørlie understrekar at det vil vere ein del feilmargin i slike undersøkingar, men at det likevel er interessante tal. 

Han trekk fram eit tilfelle i Porsanger tidlegare i år som er knytt opp til tradisjonell folketru. Då gjekk ordføraren ut til VG og fortalte at han vurderte å politimelde folk som "gander" lokalpolitikarane. Gand er ein type forbanning som kan påføre stor skade på folk og dyr, trudde folk. Sjølv om ordføraren ikkje trur på denne typen forbanning, kan ganden vere alvorleg.

– Poenget er at viss personen som blir trua med gand trur på det, kan det opplevast og tolkast som ein veldig alvorleg trussel, forklarar han.

Ein spesiell trolldomsprosess

Situasjonar med gand finn vi i mange trolldomsprosessar frå 1600-talet, blant anna i den nemnte historia om Anne Mogensdatter frå Vanylven. 

Haakon Sørlie fortel utdjupande at det heile starta som ein "vanleg" trolldomsprosess tufta på ein konflikt mellom folk i eit lokalsamfunn.

Anne blei først skulda for å ha gjort Knut Saurdal sengeliggjande i fleire år, etter at han skal ha slått dottera hennar. Seinare i rettsaka kom det opp ei liknande skulding. Ei tenestejente skal ha loge om at ho ikkje hadde pengar å gi til den tiggande Anne Mogensdatter. Då Anne fann ut at dette ikkje stemte, skal ho ha ganda tenestejenta som truleg døydde av dette. 

PRESS: Dei mistenkte var ofte sterkt pressa frå øvrigheita. Presten og fogden kunne bruke tortur og andre pressemidlar for å få "trollfolket" til å tilstå.

– Dette er ein typisk konflikt frå den tida. Det oppstår ein konflikt og i kampens hete blir truslar og skjellsord utveksla som seinare kan føre til at det blir spreidd mistanke om trolldom viss det skulle oppstå ulykker, forklarer Sørlie.

Det er vidare i rettsaka til Anne at historia blir spesiell. Det kjem fram fleire element frå diabolismen, ein trolldomsforståing som var lite utbreitt i Norge.

– I Finnmark ser vi fleire historier med diabolske element, men sør i landet var det uvanleg, fortel Sørlie.

29. oktober 1679 fortel Anne om korleis mor hennar har levert ho til djevelen, bedt ho om å bli hos han og gjort som ho fekk beskjed om. 

Det er dette diabolisme handlar om: At trollfolket hadde ei direkte tilknyting til djevelen. I rettsdokumenta blir han omtala som "Den onde mand". Ein del av denne trua var også at trolldom gjekk i arv. At Annes bestmor blei brend på bålet for trolldom mange år tidlegare, styrka altså ikkje hennar sak.

Vidare innrømmer Anne at ho har delteke på eit heksetreff på Dovrefjell saman med fire andre kvinner. Det er desse som blir namngitt og skaper kjedeprosessen. Anne og alle dei andre mistenkte trollfolka får dødsdom.

– Treng meir forsking

Historiestipendiaten fortel at trolldomsforskarar i aukande grad har byrja å engasjere seg for å stanse dei konsekvensane trua på trolldom kan ha. 

Han fortel om ein 15 år gamal gut som i 2012 blei tortuert og mishandla til daude i London. Mishandlinga blei utført av hans søster og hennar kjærast fordi dei var overbevist om at han var ei heks og besett av onde åndar. 

– Vi treng mykje mer forsking om trua på ondarta trolldom i Europa i det 21. århundret, seier Sørlie.

Likevel understrekar han at det er lite truleg at trolldomstru vil føre til fysiske konfrontasjonar i Norge i dag.

Powered by Labrador CMS