Ørsta: NAV har merka auka pågang.

Arbeidsløysa har ikkje vore høgare siden august 2021

Leiar i NAV Ørsta/Volda, Marte Jelle, sier dei har merka jamn og auka pågang dei siste månadane. Professor i arbeidsøkonomi, Kjell Gunnar Salvanes, meiner det er naturleg grunna høge renter.

Publisert Sist oppdatert
Usikkert: Det er vanskeleg å tidfeste kor long tid det tek å få nokon i jobb.

Ørsta: 26. februar kom SSB med ein ny rapport som fortalte at arbeidsløysa i Noreg var på 3,9 prosent. Leiar i NAV Ørsta-Volda, Marte Jelle, fortel at det er få som er langtidsledige hos dei: 

–  Ein del av dei registrerte arbeidssøkerne hos oss er ukrainske flyktningar som er ferdig med introduksjonsprogrammet. Nokon er korttidspermitterte, som betyr at dei har arbeidsgivar. Så har me nokre få som er langtidsledige.

Spent på utviklinga

– Sjølv om mange klare seg fint på eigenhand, vil det komme fleire ukrainske flyktningar som treng hjelp av NAV, sier Jelle før ho fortel vidare:

Det er også ein utvikling at dei under 30 år står lengre unna ordinært arbeid. Det er fleire som ikkje fullfører vidaregåande skule, som gjer det vanskeleg å kome ut i arbeid.

–  Den arbeidsføre behaldninga vi har mellom 18 og 66 år blir stadig meir pressa, konkluder Jelle.

Forventa

Rolig: Salvanes meiner det ikkje er grunn for bekymring før det nærmar seg 5 prosent arbeidsløyse.

Kjell Gunnar Salvanes, professor i arbeidsøkonomi ved NHH, fortel at arbeidsløysa er forventa grunna høge renter:

–  Med lågare renter vil investeringane i bedriftene bli høgare, og med høgare investeringar vil det ver behov for fleir tilsette.

Ikkje uroleg enda

Salvanes fortel at det ikkje er noko høg arbeidsløyse i Noreg. Samanlikna med andre land er den låg.

–  Vi er ikkje i noko kritisk område der vi kan frykte stor arbeidsløyse.

Slik det er no, er heller ikkje Jelle bekymra. Ho fortel at det er viktig at vi klarer å utnytte all arbeidskrafta vi har i framtida.

Powered by Labrador CMS