GODT VERKTØY: IT-rådgjevar Sindre Sandbakk meiner at kunstig intelligens er eit viktig verktøy å utvikle eit godt, men kritisk forhald til.

Høgskulen har lansert chatbot

Høgskulen i Volda (HVO) tilbyr no ein chatbot bygd på kunstig intelligens (KI). – Alt ein ser er ikkje ekte. Det er viktig å utvikle ein kritisk sans i bruken av KI, seier Sindre Sandbakk.

Publisert Sist oppdatert

VOLDA: Samarbeidet mellom HVO og Sikt, ein leverandør av digitale ordningar, har som mål å fremje personvern og sikkerheit. Samstundes vekkar kanskje slike tenestar blanda kjensler blant folket.

Kva er ein chatbot?

Enkelt sagt er ein chatbot eit digitalt hjelpemiddel ein kan prate med. Desse kan vere av varierende intelligens. Døme på chatbot kan vere tenester som ChatGPT, Microsoft CoPilot, men også enklare tenester som ein til dømes finn i kundeservice.

– Målet med tenesten vil vere å tilgjengeleggjere ein slik chatbot på ein trygg og god måte, seier rektor Odd Helge Mjellem Tonheim.

Eit godt læringsverktøy 

IT-rådgjevar Sindre Slettedal Sandbakk frå Læringsverkstaden ved HVO seier at eitt av måla med tenesta er å gjere studentane førebudde på digitale verktøy dei kjem til å møte i arbeidslivet. 

– Det er ein teknologi som i større og større grad blir teke i bruk av arbeidsgjevarar. Då er det viktig at studentane får eit positivt forhold og tilnærming til slike verktøy i utdanninga si. Samstundes får ein eit kritisk blikk til det KI-tenester genererer. På denne måten bli studentane rusta til å nytte det i arbeidslivet, seier Sandbakk. 

Eirik Solheim, forskar ved Høgskulen i Volda, er av samme oppfatning. 

– Det er heilt klart eit verktøy som studentar må lære seg å bruke godt, seier han. 

Skal få bukt med utfordringar

Ein del av hensikta med denne tenesta skal vere å håndtere problemstillingar som har vakse fram i bruk av andre liknande chattetenester. Slik som rektor, trekker Sindre fram personvern som ein stor grunn til at denne tenesta no blir teke i bruk.

– Å beskytte studentane sitt personvern er svært viktig. Det gjeld óg problematikken rundt datalagring. Andre KI-tenester brukar det dei får mata inn til å trene modellene videre. Det gjer ikkje KI-chatten til Høgskulen, seier Sandbakk.

Nyttig for framtida

Til sist seier Sindre at kompetanse i slike digitale verktøy og korleis dei fungerar vil vere svært kritisk i framtida. Falske nyhende og Deepfake-teknologi blir lagt fram som farer ein i framtida må lære seg å kjenne. 

– Slike typer falske media blir meir og meir verkelegheitsnært. Å forhalde seg til teknologien frå eit tidleg stadium er svært viktig. Då lærer ein å utvikle den kritiske sansen ein treng for å skille mellom kva som er falskt, og kva som er ekte, seier Sandbakk.

Han fortel vidare korleis det er viktig for til dømes lærarstudentane å lære seg slike verktøy, slik dei i sitt framtidige yrke kan lære ungane kritisk tenkning. 

– Alt vi ser er ikkje ekte. Det kan bli ei samfunnsutfordring som det er svært viktig at vi møter godt rusta, seier Sandbakk.

Eirik Solheim meiner at menneske er gode til å tilpasse seg, og at vi vil finne løysningar på dei største problema. Han trur heller ikkje det kjem til å ta over skrivejobbar. 

ENGASJERT: Eirik Solheim er hos HVO for å forske blant anna på kunstig intelligens.

– Det er litt som med kalkulatoren. Vi må framleis lære oss å rekne. På samme måte må vi framleis lære oss å skrive, sjølv om KI tek dei “lettaste” skrivejobbane. Til dømes omsetjing av brukarrettleiingar på elektronikk er jobbar KI kan ta over, seier han. 

Powered by Labrador CMS