POPULÆR ORDFØRER: Bernt Brandal, vil framleis vere ordførar i Hareid etter det første konstituerande kommunestyremøtet for det nye kommunestyret. Folkelista gjorde eit brakval og har fleirtal åleine i kommunestyret.

Desse skal styre i Hareid kommune

Folkelista for Hareid kommune gjorde eit brakval og får reint fleirtal med 11 av 21 representantar i det nye kommunestyret. Den populære ordføraren Bernt Brandal er klar til å sitte med ordførarklubba i enda ei periode.

Publisert

Med på laget som varaordførar får Bernt Brandal, Oscar Grimstad frå Framstegspartiet.

Det er valt inn seks kvinner blant dei 21 kommunestyrerepresentantane i Hareid kommune. Dette tilsvarer ein kvinneandel på knappe 28 prosent i kommunestyret.

Desse er dei faste representantane i det nye kommunestyret i Hareid for perioden 2023 - 2027:

Folkelista for Hareid kommune:

  • Bernt Brandal
  • Kristian Fugleset
  • Ranja Dimmen Alme
  • Thor Rekdal Nedrelid
  • Kjetil Nesset
  • Annika Hove
  • Pravin Selva
  • Einar Jarle Måseide
  • Øyvind Grimstad Gryt
  • Kristine Utgård Rolfsrud
  • Ivar Karl Liaset

 Framstegspartiet:

  • Oscar Grimstad
  • Jeanette Teigene
  • Endre Hammervold

 Høgre:

  • Ole Frank Bakken
  • Robert Holstad Flø

Arbeidarpartiet:

  • Torill Oda Ringstad
  • Kai-Runar Svarstad

Industri- og Næringspartiet:

  • Øyvind Grimstad
  • Ståle Liavåg
  • Venstre:

    • Annika Brandal
Powered by Labrador CMS