NYTT PARTI: Industri- og Næringspartiet vart det største partiet i Vanylven kommune med over 19 prosent av stemmene.

Desse skal styre i Vanylven kommune

Industri- og Næringspartiet (INP) gjorde eit brakval i Vanylven kommune måndag. Med 19,1 prosent vart partiet som stilte til val for første gong i kommunen størst, og får inn fire mandat i det nye kommunestyret. 

Publisert Sist oppdatert

Trass det gode valet til INP er det Paul Sindre Vedeld, frå Senterpartiet, som blir ny ordførar. Noverande ordførar Lena Landsverk Sande, frå Venstre, blir varaordførar i kommunen.

Med i det valtekniske samarbeidet med Senterpartiet og Venstre er Arbeiderpartiet som får to representantar i formannskapet.

I Vanylven kommune er åtte av dei 21 valte representantane til kommunestyret kvinner. Det vil seie ein kvinneandel på 38 prosent.

Desse skal sitte i det nye kommunestyret i Vanylven for perioden 2023 - 2027:

Industri- og Næringspartiet:

  • Nils Olav Moen
  • Frank Robert Sande
  • Kristian Ernie Bentsen
  • Magne Johnny Sætre
  • Venstre:

SKIFTE: Lena Landsverk Sande, noverande ordfører i Vanylven, blir varaordførar i Vanylven dei neste fire åra.
  • Lena Landsverk Sande
  • Karen-Birthe Bjørlykke
  • Lene Christine Drabløs Strand
  • Vidar Solheim

Senterpartiet:

Paul Sindre Vedeld

Merete Vatne

Ingebrigt Berget

Tormod Hvattum

Arbeidarpartiet:

Njål Siverstøl

Caroline Juul

Lars Tore Bakkebø

Framstegspartiet:

  • Elisabet Lauvstad Haugen
  • Rolv Aasevik Dyb
  • Runar Slagnes Hommo
  • Høgre:

  • Per Johnny Brekke
  • Katrin Brekke Sunde
  • Kristeleg Folkeparti:

    • Joar Lille-Rovde

Powered by Labrador CMS