OPPGAVE: Her står jentene foran sjølvportrett inspirert av den tsjekkiske kunstnaren Alfons Mucha.

– Det er stas med ei utstilling slik som dei store kunstnarane

I utstillinga 'Blikkfang' får besøkande oppleve eit mangfald av kunstneriske uttrykk, frå fengslande sjølvportrett til fascinerande keramikk og broderi.

Publisert Sist oppdatert

I kunsthuset i Ørsta møter vi eit breitt spekter av fargerike måleri og kreative figurar. Insekt, keramikk og sjølvportrett fangar umiddelbart merksemda vår i dette elles kvite rommet. Utstillinga går under namnet "Blikkfang".

Det er elevane frå Kunst, Design og Arkitektur (KDA) ved Volda vidaregåande skule som står bak utstillinga. Denne består av ei stor samling kunstverk frå ulike prosjekt på alle klassetrinna, som heng harmonisk på veggane i Ørsta kunsthus. 

To av tredjeklassingane, Emma Kvalsund Myrseth og Marlee Sophia Weise, tek oss med på ei omvisning. 

– Det er stor variasjon i utstillinga med både broderi, måleri og kunst laga av keramikk, fortel dei entusiastiske kunstnarane. 

Blikkfanget

Eit bilete skil seg spesielt ut. Marlee sitt måleri frå prosjektet "Glimt av ei forteljing" er valt ut som hovudverket i utstillinga. Det heng ved inngangen og er utforma for å fange merksemda til publikum.

På måleriet har ho måla sitt eige auge omkransa av insekt. Det er eit sjølvportrett, men det er auget som verkeleg trekker blikket til måleriet.

AUGET: Biletet representerer namnet på utstillinga

– Eg blei veldig stolt over å sjå at biletet mitt vart valt ut til å representere utstillinga, seier Marlee.

Inspirasjonen bak kom frå eit bilete ho såg på nettet.

– Det var frå same perspektiv, og eg syntest det var utruleg kult, så eg ville skape noko liknande. Eg er også fascinert av insekt, så eg ville inkludere dei i biletet, forklarar ho medan ho ser på verket sitt.

– Har det ei spesiell tyding?

– Eg er usikker for å vere heilt ærleg. Eg syntest berre det var spennande å lage, svarar ho.

Inspirasjon frå nettet

Jentene fortel at dei ofte hentar inspirasjon frå motiv dei finn på nettet. Dei plukkar ulike element frå bilete dei ser og gjer dei til sine eigne.

– Vi pleier å hente inspirasjon frå hovudet, men mange av oss brukar òg bilete frå internett, legg dei til.

FARGER: Jentene er einige om at det gøyaste er å male

Når det gjeld tydinga av bileta dei skapar, finn dei det utfordrande.

– Vi prøver å tenkje over kva tydinga kan vere, men det er vanskeleg og varierer frå person til person, påpeikar kunstnarane.

Som store kunstnarar

Det er ekstra spennande for jentene å sjå verka sine utstilte på eit galleri.

– Det er verkeleg gøy for vanlegvis er det berre store kunstnarar som får stille ut her. Så det er ei ære å få vise fram vårt arbeid når vi er relativt nye, seier Emma og Marlee.

Dette er andre gong dei har utstilling, noko som gir dei ein førebels smakebit på livet som kunstnarar. Draumane deira for framtida varierer.

– Eg er litt usikker på kva eg vil bli, men eg veit at eg har lyst å vere kreativ, seier Emma.

Marlee er òg usikker, men har sett seg ut noko som fristar meir enn andre.

– Draumen er å eksprimentere med kunsten og kanskje bli tatovør, avsluttar ho håpefullt.

Powered by Labrador CMS