POST PÅ DØRA: Desse treng ikkje å gå langt for å hente posten.

Einaste kommunen i fylket med dette tilbodet

Eit utval av eldre over 67 år skal få posten levert på døra. Olaug Stennes (89) og Jon Olav Stennes (92) er nokre av dei utvalde.

Publisert Sist oppdatert

ØRSTA: – Det er eit heilt ypparleg tilbod for oss, seier Olaug Stennes.

Ekteparet fortel at det har vore vanskeleg å hente posten om vinteren. Dei seier at det periodevis har vore skeiseføre ned til posten.

– Om vinteren er det gjerne glatt, og det er ikkje alltid strødd med salt på vegen. I tillegg er ikkje alle like stødige til beins. Jon Olav har brote lårbeinet og eg ser litt dårleg, så dette er eit fint tiltak for oss, seier Olaug.

Les berre papiraviser

Olaug og Jon Olav les ikkje nyheiter på nett. Difor er dei avhengige av å få papiravisene levert.

– Det er litt håplaust med nyheiter på nett for oss som ikkje kan det. Me er så gamle at me hadde vel ikkje fått det inn i hovudet heller, ler Olaug.

 Ekteparet har tross alt vokse opp i ei anna tid.

– Me er heilt blank på det. Me har vokse opp med å lære å stave først, ikkje korleis teknologien fungerar, legg Jon Olav til.

INGEN SMARTTELEFON: Her visar Jon Olav fram telefonen sin.

Olaug og Jon Olav understrekar at dei har familie som hjelp til.

– Sonen vår bur hos oss på vinterstid slik at pendlarvegen blir enklare for han. Då plar han å hente posten til oss før han går på jobb, seier Olaug.

Sjølv om familien er til god hjelp, kan det framleis gå tid mellom kvar gong dei får post.

– Nokre gonger kan det gå ei veke før me får posten. Det kjem an på vêret. 

– Kan tilføre viktig samfunnsverdi

Kenneth Pettersen er pressesjef i Posten Norge. Han fortel at tilbodet skal bidra til å motverke digital utanforskap for dei eldre.

– Dei får informasjonen fysisk som elles kjem digitalt. Det trur eg mange likar. I tillegg har Posten høg tillit i landet, så det vil kjennast trygt og godt.

Prøveprosjektet er eit samarbeid mellom Posten, Ørsta kommune og kommunesektorens organisasjon. Det blir gjennomført på våren og hausten med eit lite avbrekk på sommaren.

PRESSESJEF: Kenneth Pettersen er pressesjef i Posten Norge.

– Innbyggjarane får besøk av Posten ein gong i veka. Dei kjem med post, informasjon frå offentlege etatar og med eit informasjonsskriv frå kommunen om kva som skjer i nærområdet. Målet er at dei eldre skal føle seg meir inkludert og sett i samfunnet. 

Pettersen kan fortelje om positive tilbakemeldingar då dei prøvde ut prosjektet i andre kommunar i fjor.

– Mange eldre set pris på å få besøk av Posten. Dei opplever det som ein ekstra service. For mange kan det også føre til at det blir litt enklare å bu heime. Det har jo stor relevans til eldrebølgja me står ovanfor.

Pressesjefen fortel vidare at det ser ut som at informasjonsskrivet blir lest.

– Det har vore godt oppmøte på arrangementa som har blitt heldt i den perioden tiltaket har funne stad. 

Kjekt for begge partar

Ellen Hustad Vinjevoll er ein av fleire postbod som har fått nokre endringar i ruta si. No skal ho ringe på dører for å levere posten personleg, i staden for å levere i postkassa.

– Det er ikkje så ofte folk ringar på døra lenger, eg trur folk set pris på det.

SAME BEMANNING: Ellen Hustad Vinjevoll seier at dei ikkje har gjort nokre endringar i bemanning som følgje av prøveprosjektet.

Vinjevoll har jobba i posten i fleire år. Ho fortel at det er kjekt å få eit ansikt på dei ho leverer post til.

– Ein køyrer ofte dei same rutene. Då er det ekstra kjekt å få eit fjes på namna ein ser på postkassane. Eg trur også at innbyggjarane kan synest at det er fint å sjå kven som leverer posten deira.

Ekteparet i Ørsta har gjort eit ekstra tiltak. Nyleg har dei fått flytta postkassa til døra. 

– Me visste ikkje at det var mogleg før for litt sidan. Me fann ut av det då me fekk skrivet om post på døra. Det var då tanken slo oss om å spørje om å få postkassen nærare. Det er me veldig nøgd med, fortel Olaug.

Powered by Labrador CMS