GRUPPESPEL: Åsmund på scena ilag med gammaldansgruppa Farstad&Farstad.

Ein rocka spelemann

Det heile starta med feleundervisning på kulturskulen i Volda. No er voldingen Åsmund Arnesen Farstad (22) elitespelemann.

Publisert Sist oppdatert

Kappleiksfakta

Kappleik er ein folkemusikk-konkurranse. Utøvarane spelar eller dansar framfor dommarar, som gjer poeng. 

A-klassa er ei slags elite-klasse i kappleiken. Her stiller dei beste folkemusikarane i landet til start. 

Åsmund Farstad er i A klassa i flatfele.

KONSENTRERT: Åsmund på scena under fylkeskappleiken i Ørsta.

ØRSTA: – Det er jo veldig svært å vere spelemann i A-klassa. Då er ein god då, skikkeleg god. Det er jo på ein måte eitt mål eg har hatt sidan eg begynte med kappleikssaker, fortel Åsmund.

Det er gått nokre år sidan han var på sin fyrste kappleik. Ein sjokoladekappleik. Han forklarer at det er barneversjonen av kappleik. Utan konkurranse og poengrangering.

– Opplegget er at då stiller du på kappleik, og du spelar kva du vil, eller gjer akkurat det du vil omtrent. Og så får ein ei sjokoladeplate, så det er kjempestas då, fortel Åsmund.

Det var den kappleiken som fekk han til å starte med folkemusikk. Ikkje sjokoladen, men musikken han fekk høyre der:

– Der fekk eg høyre hardingfele og ordentleg folkemusikk for fyrste gong, på skikkeleg vis. Då fekk eg liksom denne folkemusikklyden inn i øyret, og den gjekk aldri ut igjen.

Han spelar både flatfele og hardingfele. Det er med flatfela han har vorte elitespelemann.

– Hardingfele har eg spelt sidan eg var i 11-12 års-alderen, men eg har halde på med folkemusikk før det da, på vanleg fele.

– Då fekk eg liksom denne folkemusikklyden inn i øyret, og den gjekk aldri ut igjen.

Vil bli rockestjerne

SPELEMANN: Åsmund spelte seg til gode resultat under kappleiken.

Åsmund kjem frå ein musikk-familie, men er einaste folkemusikaren. Han anbefaler å drive med folkemusikk:

– Det er noko heilt spesielt, og eit veldig fritt musikkfelt. Du tek vare på ein tradisjon og noko som har vore blant oss menneske i so lang tid. I tillegg til at ein kan fornye og utforske.

Han studerer folkemusikk på Musikkhøgskulen på andre året. Målet no er å bli utøvande musikar, bli rockestjerne.

– Ja, men faktisk, å bli ei skikkeleg rockestjerne, det hadde vore dritgøy, seier Åsmund.

Han har fleire prosjekt på gong, i tillegg til å vere soloutøvar.

– Eg driv med ein trio, som heiter Kjeltring. Vi spelar litt rocka folkemusikk, men jazzpreg. Så har eg og ei gammaldansgruppe, som heiter Farstad & Farstad.

Høyr Farstad & Farstad spele her: 

 

– Men begge gongane eg har stilt i B-klassa, då har eg fått napp da, så det er veldig triveleg.

Gode kappleiksresultat 

Åsmund stilte til start i fleire klasser på fylkeskappleiken i Ørsta. Han representerar Fjelljom Spelemannslag og Møre og Romsdal Folkemusikklag. I A-klassa i fele/hardingfele tok han tredjeplassen med 93 poeng. Med Gammaldansgruppa Farstad & Farstad vann han klassa dei stilte i, med 91 poeng. 

Så korleis var vegen til suksess?

– Det er jo sånn med kappleik. I alle fall på landskappleiken og slikt; at du må få over 75 poeng i klasse B, og då fer du eitt napp, og så må du ha to napp for å komme opp i klasse A. Du må ha minst 75 poeng to gonger eller to år da, fortel Åsmund.

Det har han fått til, trass i koronapandemien:

– Det var to kappleikar eg gjekk glipp av, så det var litt synd. Men begge gongane eg har stilt i B-klassa, då har eg fått napp da, så det er veldig triveleg.

Kappleiksspel

Åsmund fortel at på kappleik er det ofte vanleg å spele slåttar frå der ein er frå. Kappleiken i Ørsta vart ikkje noko unntak.

Sjå Åsmund spela ein springar frå Austefjord i Volda, ‘Måna Didrik’, i form etter Leiv Arne Nydal:

Åsmund vert ikkje så særleg nervøs før han skal på scena. Han fortel at han har stått mykje på scena frå han var liten, og på ein måte vendt det litt av seg.

– Men eg får jo litt sommarfuglar. Blodet pumpar litt då, det gjer jo det. Det er spennande, og veldig gøy.

Her kan du høyre Åsmund spele ein salme frå Ørsta. Den heiter ‘Nu rinder solen opp’, etter Andreas Halse:

Høyr radio-reportasje frå kappleiken her: 

Powered by Labrador CMS