FAR OG SON: Elias Mikalsen er på svømmetrening kvar veke. Far og støttespelar,Tor Mikalsen, er alltid ved hans side.

Ein svømmeklubb for alle

— Eg synest svømming er den mest inkluderande idretten som finnast, seier Cian Walsh, hovudtrenar for svømmeklubben i Ulsteinvik.

Publisert Sist oppdatert
IDRETTSGLEDE: Elias med medalje etter svømmekonkurranse.

ULSTEINVIK: Med svømmeføter og svømmebriller tek Elias Mikalsen (17) sine siste svømmetak før dagens trening er ferdig. Han har Downs Syndrome og har svømt i sju år. Ein periode som har gitt mykje meistring og glede. 

Ein smilande og litt kald Elias kjem ut av bassenget. Han er klar på kva som er det beste med å svømme: 

— Svømme krål, rygg og vere havfrue, seier han. 

Pendlar til Ålesund

For at Elias skal kunne delta på trening må ein av dei føresette vere til stades. I dag er det far, Tor Mikalsen, som er i med i svømmehallen. 

— Det gir stor idrettsglede, både for Elias og meg som forelder, seier Mikalsen. 

Elias svømmer tre gonger i veka. Ein gong i veka trener han i Ålesund. Køyring til og frå trening med Elias og aktive sysken tek mykje tid i kvardagen. Far seier at pendlinga absolutt er verdt å bruke tid på.

— Svømminga er så viktig for det fysiske i høve til dei utfordringane han har. Vi ser han får mykje ut av det. Både motorisk og for utvikling, fortel han.

Eit sosialt høgdepunkt

I tillegg til det fysiske er svømminga ein fin sosial arena.

— Det er veldig inkluderande. Vi har fått god oppfølging av både trenarane og klubben, seier Tor. 

I mars skal dei på landstreff, eit høgdepunkt i året for både Elias og far Tor. 

— Det blir ein skikkelig fest, både for det idrettslege og det sosiale, seier Tor med eit smil. 

HOVUDTRENER: Cian har planer om å vere hovudtrenar i mange år til.

YSS svømmeklubb starta frå ingenting i 2016. I dag er det den fjerde største svømmeklubben i Møre og Romsdal. Klubben er dugnadsbasert og hovudtrenar Cian bruker seks til åtte timar i svømmehallen kvar veke. Dette utan å få ein krone. 

- Det gir meg idrettsglede, seier Cian med eit smil. 

Foreldra er med på trening

For at utøvarane skal oppleve meistring og glede understreker hovudtrenaren at det er viktig å ha foreldre eller andre støtteapparat til stades. Cian har sjølv ein dotter med funksjonsnedsetjing. Ho var den fyrste parasvømmeren i klubben.

— Ho seier det er veldig viktig å ha meg som trener. Eg forstår henne og utfordringane hennar, seier han. 

Cian fortel at foreldra ser barnet sitt og korleis dei har det den dagen. Dagsforma til utøvarane kan variere, og da er det viktig å ha ein på trening som forstår dei. 

— Utan god dialog og tett samarbeid hadde det ikkje gått, seier hovudtrenar Cian. 

Utøvarane trener i grupper som tilsvarar deira nivå og ikkje alder. Trenaren har ein klar beskjed til dei som ønskjer å vere med å svømme. 

— Møt opp, alle kan vere med, alle kan svømme. Det er ingen avgrensingar utanom deg sjølv, seier han med eit smil. 

Hør reportasjen om YSS Symjeklubb her.

Powered by Labrador CMS