STOLT BONDE: Lars Molvær framfor nybygget.

Eit fjøs for framtida

I 2022 flytta Lars Molvær dyra inn i nytt fjøs. Bonden frå Sæbø har rundt 30 mjølkekyr. Han har bygd stort for å kunne drive vidare i framtida. No har han og sambuaren fått utmerking for god mjølkekvalitet.

Publisert Sist oppdatert

– Eg vil ikkje skryte av meg sjølv, men…

VART HEIDRA: Lars Molvær (i midten t.h) og Jorun-Karin Bjørdal (t.h) mottok utmerkinga på eit møte i Ørsta.

Sølvtine

Utmerking frå TINE. 

Kvar dag måler TINE kvaliteten på mjølka som bøndene leverer til meieria. Den beste mjølka vert klassifisert som "elitemjølk". 

Bønder som klarar å levere elitemjølk kvar einaste dag i 15 år, vert heidra med “sølvtine”. Kjelde: TINE

Molvær klarar ikkje heilt å skjule at han er stolt over å produsere det som blir kalla “elitemjølk”. Bønder som klarar å levere elitemjølk kvar einaste dag i 15 år, blir heidra med “sølvtine”. Han og sambuar Jorun-Karin Bjørdal fekk utmerkinga tysdag kveld. 

KAMERAKYR: Kyrne var glade i merksemd.

Sjølv om Molvær trivst som bonde, er det ikkje alltid gull og grøne skogar å jobbe i næringa. Innan 2024 skal norsk mjølke- og storfeproduksjon helst skje i lausdriftsfjøs. Dette gjorde at Molvær stod ovanfor eit viktig val. For å oppretthalde drifta, såg han seg nøydd til å byggje på fjøset for å få betre plass. 

– Det vil nok ta nokre år før eg ser om det var ei lur investering. Eg trur ikkje det hadde vore lurt å vente med å byggje med tanke på prisauken som har vore dei siste åra. 

Nye krav for storfebønder

I 2004 vedtok Stortinget at norsk mjølke- og storfeproduksjon skal skje i lausdriftsfjøs innan 2024

Frå 1.januar 2024: 

Båsfjøs: 

Krav om minst ein kalvebinge 

Minst 16 veker på beite i året (8 av desse samanhengande om sommaren)

Lausdriftsfjøs: 

Krav om sjukebinge til alle vaksne dyr. 

Frå 1.januar 2034: 

Krav om lausdrift i alle fjøs

Kjelde: Bondelaget, Mattilsynet

Mjølkebonden trur det er fleire bønder som står overfor eit dilemma. Om ti år blir det forbode med båsfjøs. Dei nye reglane gjer at fleire bønder må vurdere å byggje nytt eller å investere i å byggje om drifta si.

 – Eg trur at det må mykje meir til. Det sit veldig langt inne for folk no å byggje fjøs, som dei veit dei ikkje kjem til å tene noko særleg på. 

– Det er alltid nokre idealistar, nokre som ikkje tenker helt sånn som meg, som berre gjer det fordi dei trur at det skal gå. Det vil vere liv laga å produsere mat i framtida, det er det ikkje tvil om, men det er veldig lett å få seg jobb andre stader, da. 

Investeringa

Utbygginga har kosta 11,5 millioner kroner totalt. 

Av desse har Molvær lånt 6,5 millionar og fått 2,4 millionar i tilskot. 

Mjølkeroboten kosta 2,2 millionar inkludert ekstrautstyr

– Kvifor skal du då vere gjeldsslave resten av livet og berre så vidt overleve? 

Kan lett skifte beite 

– Vi bur i ei verd der det er lett å skifte beite dersom du vil det. Eg håpar det blir økonomi til at fleire kan bygge og tene pengar på det. 

Molvær understrekar at mjølkeprisen må opp, for det er lite sannsynleg at kostnadane går ned igjen.

– Eg kjøpte meg en ny traktor i 2009. Då kosta den 720.000. I dag kostar traktoren 1,6-1,7 millionar. Mjølkeprisen har omtrent stått stille, medan traktoren har meir enn dobla seg i pris. Så det heng ikkje saman. Det er der problemet er.

Så du trur ikkje at auke i mjølkekvota kjem til å gjere det enklare å vera bonde? 

– Nei, det er ikkje nok i seg sjølv. Du kan ikkje produsere meir viss du berre tener mindre på den siste literen. Du må ha betre inntening på totalen for at det skal være interessant.

Mjølkebonden er sikker på at løysinga kan vere å få betre betalt per liter. Han meiner at dersom ein vil få fleire til å jobbe i næringa, må ein få betalt for timane ein jobbar. 

KOSEDYR: Kyrne verka nøgde med å få besøk.

Lar kyrne gå fritt

I 2003 bygde Molvær på fjøset for å få på plass til kviger. Dette trudde han skulle vera stor nok plass så lenge han skulle drive - men det vart ikkje slik. I 2022 bygde han eit nytt fjøs, som han meiner skal vere stort nok og utstyrt etter dei nye reglane.

Molvær har god plass til kyrne i nyfjøset. Han har fleire avdelingar. I den største avdelinga går dei kyrne som blir mjølka av roboten. På andre sida av forbrettet går kvigene. Ei kvige er ei ku som ikkje har kalva enda.

Sjå video frå innsida av lausdriftsfjøset: 

Molvær vil at dyra skal ha det best mogleg. 

– Viss du skal tene peng på dyra må dei i alle fall ha det bra. Dyr som ikkje har det bra kan ein ikkje drive med. 

Mjølkebonden har erfart at betre plass gjer dyra hans rolegare. Han meiner og det er ein stor fordel å kunne ta ut sjuke dyr så dei får fred. 

– Plass, ro, tørt og fint, så bergar du nesten alt, meiner Molvær.

Mjølkerobot

Molvær har fått mjølkerobot i det nye fjøset. Mjølkeroboten gjer at Molvær slepp å gå fysisk til fjøset to gonger om dagen for å melke kyrne. No gjer roboten det for han. Mjølkeroboten har gjort det lettare å tilpasse drifta til fritid og andre jobbar. 

DIGITALT: Bonden har full oversikt over mjølkinga på skjermen.

– På denne skjermen kan eg følgje med på alt av tal, mjølkekvalitet og mengde via data. Ein får også beskjed om eventuelle avvik. Eg har også ein app på telefonen der eg kan følgje med på mjølkeproduksjonen. Til vanleg brukar eg berre datamaskinen på kontoret for å følgje med. 

Molvær fortel at det er mange som trur at kyrne får mjølkespreng, og at det er difor dei går inn i mjølkeroboten. Han kan avsløre at kyrne får kraftfôr når det blir mjølka. Det er det som får dei til å gå inn i mjølkeroboten. 

Sjå video av mjølkeroboten: 

Molvær må følgje opp systemet heile tida. Dagleg tilsyn og vedlikehald tar den tida han før brukte på å mjølke. Han fortel at jobben er viktig for å oppdage eventuelle avvik før det er for seint.

– Det er veldig deilig å kunne legge seg om kvelden og vite at kvaliteten på mjølka er bra. Før måtte han leite etter feil etter avviksmelding frå Tine. Nå slepp han å lure på kvaliteten når han leverer mjølk. 

Molvær har ekstra inntekt på sida av drifta. Mjølkebonden fortel at det er fint med ei ekstra inntektskjelde, no når låna er store. Han håpar å kunne klare seg med berre inntekta frå garden om nokre år. 

– Det er ein veldig fin jobb. Berre ganske mykje for dårleg betalt, seier Molvær. 

Powered by Labrador CMS