KLAR: Deltakarane står klare for dei seks kilometrane dei står ovanfor.

Springegruppa med evig liv

Studentar ved Høgskulen i Volda starta opp springegruppe – tolv år seinare er den framleis aktiv

Publisert

VOLDA: Siste søndagen i månaden samlar lokale seg ved Volda stadion. Då skal dei springe eller gå Rotevatnet rundt. 

 – Dette er det 133. løpet, seier arrangør Jan Sylte.

Det er ein fin søndags føremiddag då lokale hobbyløparar har samla seg for å springa seks kilometer rundt Rotevatnet. Klokka nærmar seg tolv og dei fleste har byrja å varma opp. 

Sylte er ein av dei frivillige som er med på å arrangere løpet. Han deler ut trøyer med startnummer på. 

– Tradisjonen strekkjer seg tolv år tilbake i tid då studentane Thobias Lillestøl og Henrik Angermund starta det opp. Dei vart ferdige med studiane sine våren 2013. Då vart det VTI friidrett som offisielt tok over, seier Jan Sylte.

Arrangementet skal vere eit lågterskeltilbod. Dei premierar ikkje dei som vinn. I staden deler dei ut medaljar og pokalar etter kor mange løp ein har. Sylte tek fram pokalane ein kan få dersom ein deltek på både tjue, tjue-fem og femti løp. 

 – Det kostar femti kroner å bli med på løpet. Det dekkjer inntekt til premiar. Det går ikkje noko særleg i overskot på arrangementet.

MILEPÅLE: Her får ein gevinst etter kor mange løp ein har delteke på.

Sjølv om det ikkje er ein konkurranse, så har Jan Sylte kontroll på tidene. 

– Anne-Marit Brautaset held rekorden for damene. Ho sprang på 21.41 minutt i august i fjor. Håkon Stavik held rekorden for menn på 19.01 minutt i november i 2018. Sistnemnde representerte Noreg i EM i terrengløp i 2019. 

Ulike klassar

– Vi har både trim- og konkurranseklasse. Trimklassa går rundt Rotevatnet, medan konkurranseklassa spring. I dag er det seks som er med i trim- og tolv som er med i konkurranseklassa. Det skal vere eit tilbod som skal passe alle, seier Jan Sylte.

DRAKTNUMMER: Alle får tildelt draktnummer slik at det skal vera enklare å halde styr på namn og tid.

Sylte fortel at aldersspennet kan vere stort for dei deltakarane. 

– Det har vore alt ifrå born ned i seksårsalderen til 70+. Hovudvekta ligg likevel på 30-50 år.

Tilbodet er for alle som vil kome seg i aktivitet.

– Vi hadde arrangementet på laurdagar før, men no har me flytta til søndagar. Grunnen var eigentleg fordi det var så mykje trafikk på laurdagen.

Berre ei avlysing på tolv år

Denne februardagen er ein av dei finare. Det er plussgrader på målestokken og sola viser seg tidvis gjennom skyene. 

– Vi måtte avlyse ein gong på grunn av snø. Då var det snø opp til knea. Sjølv då fekk me ei melding om kvifor me ikkje skulle gjennomføre arrangementet, ler Sylte. 

Arrangementet blir med andre ord gjennomført i all slags vêr, så lenge det ikkje er hindringar i springeruta. Sylte fortel at det for det meste er han som er arrangør. 

Kva skjer dersom du er vekkreist?

– Det plar ikkje å skje, seier han lattermildt.

Dottera Elin Burås Sylte er også med på arrangementet. Ho plar å vere med i trimklassa.

– ­Eg kjem ofte ein time før det byrjar slik at eg kjem tilbake til startstreken før dei andre kjem i mål.

FAR OG DOTTER: Jan held styr på tida medan dottera Elin er fotograf.

Elin fortel at ho har vore meir og meir med på arrangementet dess eldre ho har blitt. I dag har ho gjennomført sitt 66. løp.

– ­Ein kan nesten seie at det har blitt ein slags familietradisjon. Far min står her ved mål og held kontroll på tida. Mor mi og tanta mi står langs løypa for å sikre at løpet blir gjennomført på ein trygg måte, fortel Elin Burås Sylte.

Ein nykommar vart førstemann

På tida 20.37 kom Axel Strålin i mål. Dette var hans første deltaking på arrangementet. Strålin kjem frå Sverige og er nyinnflytta. 

MÅLSTREK PÅ BUDSJETT: Her passerar Axel Strålin målstreken etter ei imponernade tid.

– Eg jobbar som fastlege i Ørsta og høyrte om arrangementet frå ein kollega. Eg synest det høyrte spennande ut og bestemte meg for å koma i dag.

Strålin har aldri sprunge i ein klubb, men har hatt springing som fritidsinteresse.

– Eg trur eg vil vera med neste gong også.

Andremann vart ein meir rutinert deltakar.

– Eg plar å vere med saman med pappa, fortel Sverre Hoggen.

Hoggen har teke initiativ til ei trening på måndagar i Ørsta. Her køyrer dei intervall i fellesskap.

ENGASJERT: Hoggen arrangerar treningar kvar måndag i Ørsta.

– I starten sprang me seks gonger tusen meter, men då blei det litt skilnad i gruppa med tanke på pause. No spring me heller ti gonger tre minutt slik at det skal bli likt. Då får alle felles pause uansett nivå.

Hoggen har sprunge sitt 25. løp i dag og får dermed pokal.

– Eg synest det er sosialt og veldig kjekt å vere med. Eg oppfordrar alle til å vera med på dette. 

FEKK MEDALJE: Torbjørn Nes har nettopp fullført sitt femte løp.

Torbjørn Nes har vore med i nærmare eitt år. I dag var hans femte løp, det betyr medalje. Nes trener mellom anna for å vera med på halvmaraton. I fjor sprang han fire halvmaraton.

– Det blei ikkje nødvendigvis ny personleg rekord i dag, men eg er nøgd med dagens treningsøkt, seier Nes. 

 

 

Powered by Labrador CMS