ØNSKA UTSETJING: I desember i fjor bestemte Helse-Midt at Helse Møre og Romsdal skulle innføre Helseplattforma i april i år, på tross av at dei hadde forespurt å vente.

Helseplattforma gjer sitt inntog i Møre og Romsdal

Helse-Midt har bestemt at Helseplattforma skal innførast på sjukehusa i Møre og Romsdal i løpet av april. Snart skal kommunane i fylket vurdere det same. – No er det nok, seier overlege.

Publisert Sist oppdatert

VOLDA: – Det er eit hav mellom verkelegheitsoppfatninga til dei som sit i toppen og dei som faktisk skal bruke systemet, fortel ein oppgitt Eivind Hustad Vinjevoll. 

Han er hovudtillitsvalt blant overlegane på Volda sjukehus.

Kva er Helseplattforma?

  • Helseplattforma er eit felles digitalt journalsystem for sjukehus, kommunar og fastlegar i Helseregion Midt-Noreg. Dette inneber fylka Trøndelag og Møre og Romsdal.

  • Kommunar som bestemmer seg for å ta i bruk Helseplattforma, må kjøpe seg inn i leverandørselskapet Helseplattformen AS.

  • 20 kommunar har teke i bruk Helseplattforma og 14 kommunar har vedteke at den skal takast i bruk (per 3. januar 2024).

  • Systemet er omstridd og har mellom anna fått kritikk for å vere tungvint å bruke, dårleg for pasientsikkerheita og dyrt.

  • Helseplattforma byggjer på teknologi frå det amerikanske selskapet Epic Systems og IBM Norge.

  • Sjukehusa i dei tre andre av landets helseregionar brukar eit journalsystem frå det norske selskapet Dips AS.

  • Innføringa av systemet skulle koste 3,7 milliardar kroner, men ifølge Aftenposten sine utrekningar kan rekninga allereie ha auka til over 5 milliardar kroner på grunn av systemproblem og utsetjingar.

Helseplattforma sin visjon er “ein innbyggar, ein journal”, og skal samle journalane frå sjukehusa, kommunane, fastlegane og avtalespesialistar i eit felles system. 

Skrekkhistoriene frå Trøndelag er mange. St.Olavs Hospital i Trondheim har allereie brukt Helseplattforma i over eit år. Vinjevoll fortel om lengre ventelister og mindre effektivitet enn før. 

Pasientar forsvinn frå ventelistene, tilvisingar ligg på feil stad, og epikrisar frå sjukehuset når ikkje fastlegane. Det har vorte knytta fleire dødsfall opp mot feila i systemet. 

– Systemet har dårleg brukarvennlegheit og feila gjer at pasientsikkerheita er svært svekka, seier Vinjevoll. 

OPPGITT: Det var ein bekymra Eivind Hustad Vinjevoll Nærnett fekk møte i kantina på Volda sjukehus.

Eit uforsvarleg pengesluk

Vinjevoll fortel at bekymringa hans no har gått over i sinne. Han opplever eit styre i Helse-Midt som ikkje tar hensyn til bekymringane dei har. Dei som faktisk behandlar pasientane. 

Han fortel også om prislappen på hans og legekollegaene sitt mareritt:

– Det er eit pengesluk utan like. Det er berre Regjeringskvartalet som brukar meir pengar for tida, seier Vinjevoll med eit lite smil.

Helseplattforma til kommunane?

Rune Sjurgard, kommunedirektør i Volda kommune, seier til Nærnett at kommunen har skrive under på ein opsjonsavtale og at dei over tid har planar om å innføre Helseplattforma.

Sjurgard fortel at dei lyttar til erfaringane frå kommunane Ålesund og Vanylven, som allereie har tatt i bruk Helseplattforma, før dei tar endeleg stilling til saka i Volda kommune. Han fortel vidare at det kjem gode tilbakemeldingar frå dei to kommunane.

AVVENTAR: Sjurgard vil etterspørje meir av Ålesund og Vanylven sine erfaringer før Volda kommune tek endeleg stilling til saka.

– Dersom løysinga fungerer hos dei, så vil det vere forsvarleg å innføre det i andre kommunar også, understrekar han. 

Volda kommune skal bestemme seg for om dei vil innføre Helseplattforma i slutten av april.

 – Kommunane på Søre Sunnmøre, med unntak av Vanylven, samarbeider om å utgreie sak til politisk handsaming, fortel Sjurgard.

 – Noko kommunane må forhalde seg til

På spørsmål om kvifor Volda kommune vil ta i bruk Helseplattforma, tross all kritikken den har fått, svarer Sjurgard:

– Helse Midt-Norge RHF har bestemt seg for å bruke Helseplattforma. Dette er noko som kommunane må forhalde seg til. 

Han fortel vidare at dette stiller krav til leiinga i Helse Midt-Norge om å få løysinga til å fungere ved sjukehusa, ettersom det er heilt nødvendig for at dei skal ha full effekt av Helseplattforma i kommunane. 

– Hvis kostnadane av Helseplattforma viser seg å bli høgare enn forventa, kvar skal dykk ta pengane frå da?

– Så langt ser det ut til at Volda kommune har sett av nok ressursar til innføringa, men dersom det skulle oppstå nye opplysningar som tilseier noko anna, så må vi sjå på det når det eventuelt oppstår, seier kommunedirektøren. 

POSITIV: Arnt Grønvold har trua på Helseplattforma i Vanylven kommune.

Gode tilbakemeldingar i Vanylven

Arnt Grønvold er lokal innføringsleiar for Helseplattforma i Vanylven kommune, og fortel om gode tilbakemeldingar frå legesenteret i kommunen. Vanylven kommune har vore ein del av pilotprosjektet til Helseplattforma. 

 – Det beste med det nye systemet er at det sparast ein del tid og arbeid, seier Grønvold. 

Grønvold seier at ein ikkje skal stikke under stol at det har vore problemar med innføring av Helseplattforma i Trondheim, men understrekar at systemet kontinuerleg får feilrettingar og blir forbedra. 

Ikkje alle kommunane er fornøgde

Det er derimot ikkje berre gode tilbakemeldingar frå kommunane i Møre og Romsdal som har innført Helseplattforma. Ansatte i heimetenesta i Kristiansund seier til Tidens Krav at dei er svært misfornøgde etter å ha brukt Helseplattforma i fleire månedar.

Gunnar Todal, sykepleiar i heimetenesta i Kristiansund, fortel til Tidens Krav at han kunne fått ein steintavle til å fungere betre enn det nye systemet. 

Molde kommune tok i bruk Helseplattforma november 2023. 

Kommunestyret i Molde kommune har bedt Helse-Midt om å utsetje innføringa av Helseplattformen på sjukehusa i Møre og Romsdal. Dei vil vente til ei ny risikovurdering seier det er forsvarleg. Det skreiv Romsdals Budstikke på fredag.

EI KRITISK TID: Om knappe to månader skal det avgjerast om sjukehusa i Møre og Romsdal skal ta i bruk Helseplattforma. Volda sjukehus er eitt av dei fire sjukehusa i fylket.

Har framleis håp

Helse-Midt har tidlegare overkøyrt avgjerslene til Helse Møre og Romsdal, men overlege Vinjevoll har framleis eit lite håp om at dei sjukehustilsette sine varselrop skal bli høyrt.

– No er det nok. No tek vi av silkehanskane. Vi har pasientane i fokus, og om vi innfører Helseplattformen er det er dei som blir dei skadelidande til slutt, seier ein fortvila Vinjevoll.

Innføringa av Helseplattforma på sjukehusa i Møre og Romsdal skal vurderast 17. april. Då skal Helse Møre og Romsdal vedta om det er forsvarleg å innføre systemet, eller om dei vil utsetje det til eit tidspunkt det er mindre risikofylt. 

Dersom Helse Møre og Romsdal gir klarsignal, er det forventa at Helseplattforma innføres 27. april.

Powered by Labrador CMS