GODT OPPMØTE: Rundt 20 personar tok turen til bokklubben.

I same rom, men ulike univers

La meg ta deg med til eit pusterom i kvardagen. Til eit rom fylt med stillheit, kaffilukt og konsentrerte lesarar.

Publisert

VOLDA: Dørene til Fruenes Kafé har opna for kvelden. Vertskapet serverer kaffi til dei som har tatt turen innom.

Etter ein liten halvtime låsast ytterdøra. Lisbeth Preus ynskjer velkomen. Ho fortel at dei har ein regel. No skal det vera heilt lydlaust den neste timen. Mobilen skal helst i flymodus, så det kan bli heilt stille, og alle kan fordjupe seg i boka.

Det einaste som bryt stillheita er lyden av at nokon blar om i boka dei les. Ein og anna gyngestol knirkar litt. Elles e rommet så lydlaust som det berre er, når alle i rommet gjer ein ting. Les i ei bok.

Etter ein time avbryter Lisbeth stillheita og takker for at folk tok turen. Ho fortel at ho håper folk vil komme att neste gong. Samtalene fyller igjen rommet, og kvelden på Fruenes nærmar seg slutten.

Lisbeth og Vibeke Preus, og kjent som Forfattarfruene, fortel at dei er glade i å lese og skrive.

KONSENTERTE LESARAR: Vibeke (t.v) og Lisbeth er sjølv med i bokklubben.

Lokal vri på amerikansk idé 

Konseptet ´Stille bokklubb´ var Lisbeth sin ide. Ho har henta inspirasjon frå den amerikanske versjonen av konseptet. Der er slagordet «for dei introverte». Det fokuset likar dei.

Preus meiner stillheita er ein fordel av fleire årsaker. 

 – Det finnes mange ulike bokklubbar. Ofte les ein same boka og skal diskutere det ein les i plenum. Dette tilbodet skal vere heilt lågterskel. Ein skal kunne lese si eiga bok, fortel Lisbeth. 

Ho meiner konseptet passar folk som ikkje er så komfortable ute blant andre menneske. Vibeke Preus er eining i det: 

– Her kan ein lese i ro saman med andre, utan å måtte seie noko, meiner ho. 

 Det kan vere sjeldan vare å sitte ein heil time i ro, i ein travel kvardag. 

– Vi har jo levd nokre år og merka at mobiltelefonen har endra livet til folk. Ein får ikkje bygd opp langtidskonsentrasjonen på same måte som før. Det skal skje nye ting så kjapt, meiner Lisbeth Preus. 

Ho fortel at dei har hatt folk innom som samanliknar bokklubben med meditasjon. 

Bokklubben blir arrangert siste torsdag i månaden.

– Det er skotår i år, så vi bomma og arrangerte ei veke før denne gongen, fortel Vibeke Preus. 

Det blir fleire bokklubbar på Fruenes i år. 

Powered by Labrador CMS