NYNORSKFORKJEMPAR: Ingebjørg Røyrhus Øyehaug meiner det er på tide å ta i bruk ein språkbruksplan i nynorsk-kommunane.

Ingebjørg kjempar nynorskens sak

Ho er leiar i Sunnmøre Mållag. No har ho sendt eit ope brev til alle nynorsk-kommunane på Sunnmøre. Frå første setning slår ho fast: – Språk er viktig. 

Publisert Sist oppdatert

SUNNMØRE: Ho blei født i Volda. Då ho var ni år flytta ho til Stranda. Deretter var det Volda igjen, før studieliv i Bergen. I dag bur ho i Ørsta. Ein kan trygt seie kva skriftspråk ho vaks opp med.

– Det sit sterkt i identiteten vår. Det er ikkje noko anna som er aktuelt for meg. Vårt sidemål er bokmål.

Ingebjørg Røyrhus Øyehaug studerte to år på Høgskulen i Volda. Siden den tid har ho vore nynorskaktivist.

Nynorsk og NAGRA

Eg møter ho sjølvsagt i Volda. På høgskulen, der ho sjølv gjekk. Det er tydeleg eit kjent territorium, for det tek ikkje lang tid før ho helsar på forbigåande ho kjenner igjen. Trass i hennar rolege vesen, trekkjer ho til seg fleire enn berre journalisten.

I det vi omsider set oss ned, slår eg på lydopptak på telefonen. Då fortel ho om tida ho sjølv gjekk på høgskulen, på 80-talet. Då brukte dei NAGRA - ein berbar lydopptakar. Ein gong skulle ho lage eit innslag til Nærradioen om vårstemning. Det blei gjort på ein seglbåt fram og tilbake over fjorden.

– Eg hugsar ingenting av turen, berre NAGRAen, fortel ho og ler.

På den tida var dei omtrent 60 studentar i klassen, og ho kan hugse at omtrent alle var medlemmer i Studentmållaget. Ho fortel om eit sterk politisk fokus rundt nynorsk på den tida. Sidan har ho vore nynorskaktivist.

– Dei siste ti åra har det vore ei stor hovudsak for meg.

Men kva er eit mållag?

Roleg og kontrollert leiter ho fram dei riktige orda. Det kan nemleg forklarast rimeleg kort. Sidan 1885 har bokmål og nynorsk vore likestilt som to offisielle språk. Sunnmøre Mållag kjempar nynorskens sak.

– Ein har måttet kjempa for den likestillinga frå då og fram til i dag, og vi må truleg kjempe for den i framtida også.

Ho ser at ein blir eksponert for bokmål heile tida, også i dei store nynorsk-fylka. Kanskje særleg fra byrjinga av. Ho trekkjer fram heimkommunen Ørsta. Kommunen har kjøpt eit digitalt læremiddel utan nynorsk skriveprogram. Når elevane skal lære seg å skrive, får dei ein raud strek under alle nynorsk-orda.

– Det er viktig å setje krav om å oppdatere seg innan opplæring, mellom anna. Vi treng ein språkbruksplan. 

Ho peikar også på språkbruk i barnehage og i det kommunale administrative som svært viktige å følgje opp.

Ingebjørg Røyrhus Øyehaug har grei kontroll på historia til Høgskulen i Volda.

Vi treng ein språkbruksplan.

Ingebjørg Røyrhus Øyehaug

Språkbruksplan

Det er ikkje nytt. Dei fleste kommunar har faktisk allereie ein slik plan, ifølgje Ingebjørg. Problemet er at den ikkje blir brukt.

– Det er fare for at det blei laga ein gong, for så å bli lagt i ei skuff.

Difor følgjer Sunnmøre Mållag opp. Dei vil at kommunane skal ha ein rutine på å ta fram planen slik at dei kan sjå på den på nytt, oppdatere og revidere.

Språklova

  • Lova var ny i 2022, og blei laga for å fremje likestilling mellom nynorsk og bokmål som to offisielle språk.
  • Lova legg vekt på at offentlege organ har ansvar for å bruke, utvikle og styrke bokmål og nynorsk.
  • Språklova legg også vekt på å vareta samisk språk og teiknspråk.

Ho stiller seg stødig bak språklova, som var ny i 2022. Der står det at det offentlege har eit særleg ansvar for det mindre brukte norske språket. Ingebjørg stoggar opp, understrekar at det gjeld nynorsk, og held fram: 

– Staten, kommunane og alt det offentlege har ansvar. Det er eit godt stykke igjen før det er likestilling i praksis.

Ho meiner at det heile har med eit viktig demokratisk prinsipp å gjere. Ein skal skrive på ein måte som er lett å forstå for alle mottakere. Det gjeld alle ledd i kommunane. 

Difor vil ho at språkbruksplanen skal dukke opp i kvart kommunestyremøte. Dette er for å skulere dei tilsette, og ikkje minst informere dei nye kommunestyre-representantane om at ei slik plan finst. 

For dei kommunane på Sunnmøre som ikkje har ein språkbruksplan, så er vel bodskapen til Ingebjørg noko sjølvsagt.

Språknøytrale kommunar

Ingebjørg skreiv eit ope brev til alle nynorsk-kommunane på Sunnmøre, som leiar av Sunnmøre Mållag. Det vil seie alle kommunane på Sunnmøre, med unntak av Ålesund. I dag er Ålesund kommune ein språknøytral kommune. Det vil seie at administrasjonsspråket i kommunen skal vere ein blanding av nynorsk og bokmål. Ingebjørg vil gjerne slå et slag for språkbruksplan, også i språknøytrale kommunar. Bokmål blir ofte for dominant, ifølgje ho.

Ho rettar seg sjølv, og kallar det heller for ein tospråkleg kommune. Ho seier det på ein måte som gjer at ein får lyst til å skrive ordet "tospråkleg" med store bokstavar, og med ein usedvanleg tjukk strek under. 

Det skal altså vere ei jamn blanding mellom nynorsk og bokmål i slike tospråklege kommunar.

Ho legg til volumet nynorsk-språklege elevar ein må ta stilling til i kommunen:

– Ålesund har 1600 nynorskelevar, fortel ho. 

Skal dokker sende brev til Ålesund kommune?

 – Vi er i tenkjeboksen.

Sunnmøre Mållag vurderer å skive eit ope brev til Ålesund kommune, ifølgje Ingebjørg.

Østlandskepsis

Sjølv om ho kjempar for å vareta nynorsk på Sunnmøre, så er det ingen tvil om at ho også meiner det er viktig i heile landet. Sjølv har ho ei dotter på Austlandet. Ho er norsklærar og underviser i nynorsk på ungdomsskulen. 

– Vi opplever at ungdom likar sidemål innmari godt. Det er foreldregenerasjonen som er skeptiske, og har negative haldningar.

Samstundes finst det noko nynorsk aust i landet og. Ho peikar på område som Hallingdal, Telemark og Valdres. Når ho får spørsmålet om korleis det står til med nynorsken om 50 år, så er ho meir bekymra for Austlandet. Sånn sett har ho trua på Sunnmøre. Ho kallar det for "kjerneområdet" for nynorsk, saman med resten av Vestlandet. 

– At Ivar Aasen er frå Ørsta er eit heit spesielt utgangspunkt. 

Likevel er ho redd for at språkbruksplanen endar lenger ned i skuffen. Ingebjørg har endå ikkje fått svar frå kommunane. Ho verkar ikkje bekymra av den grunn, for det følgjer ho opp.

Etter 45 minutt spør eg om det er noko ho vil tilføye. Ho svarar at ho kan sitje og prate om mållag og språk i fleire timar.

– Eg er kjempestolt over skriftspråket mitt!

Då måtte eg innrømme at eg hadde skote meg sjølv i foten. No må eg skrive ein reportasje på nynorsk.

Powered by Labrador CMS