Gruppemøter: Det vart halde gruppemøter før avgjerda blei tatt.

Kommunen vedtek nullalternativet

Avfallet blir liggande i Fosnavåg hamn. Kommunen ynskjer ikkje å bruke meir midlar på ny deponiløysing.

Publisert

HERØY: På kommunestyremøte torsdag kveld blei det og vedtatt at kommunen ynskjer å få kostnadane for utgreiinga refundert.

Kommunen har til no brukt 8,5 millionar kronar på utgreiing. Staten har tidlegere vore klar på at dei ikkje vil dekke beløpet.

SPENTE: Det var mange som fulgte med på kommunestyremøtet.

–  Det er ingen refusjonsgaranti, fortel planlegger hos Herøy kommune, Vegard Ose Velle

På tross av det, blei det einstemmig vedtatt at ordførar, Tine Storøy (H), skal prøve å få beløpet refundert frå staten.

Lenge har det vore snakk om deponiløysing ved Holmefjorden, Leinevika, Kyrkjegardsvika eller Hansvika. Dei to sistnemnde ligg i nærleiken av Moltustranda.

Einige på talarstolen

Før avstemminga heldt politikarane debattinnlegg. Dei var felles einige om at dei fire aktuelle alternativa ikkje var nokon gode alternativ. 

Alf Einar Moltubakk (Folkelista) oppsummerte innbyggjaranes meiningar fra folkemøtet som blei halde tysdag: 

–  Kommunen kan ikkje berre belage seg på rapportar, men kjensler og folket. Det finst ikkje nokon gode alternativ, la massane ligge.

Camilla Aksnes frå Arbeiderpartiet støtta Folkelistas forslag. Ho var kritisk til Norconsults konsekvensutgreiing. "Folk vil vere skeptisk til fisken når «overvakingsperioda» på 10 år er over."

Bekymra: Ordførar, Tine Storøy, fryktar Robek slik den økonomiske situasjona er no.

Frank Roy Moltu (Folkelista) fortalte at et deponi ved Holmefjorden ville påverke et Mowi-anlegg. Verknadane av dette kan vere permitteringer om dei finne miljøgifter i fisken. Dette er svært kritisk med skatteinntekter. 

Han fikk støtte av Idar Kjell Tarberg (H) som fortel at man ikkje plasserer sjømatbedrifter i nærleiken av "giftdeponi" i utgangspunktet. 

Fornøgde innbyggjarar

Det var ein rørt og fornøgd Anett Skorpen Tandberg som møtte oss utanfor rådhuset.

Storfornøgd: – Kunne ikkje håpt på noko betre

–  Det kunne ikkje bli betre, det var einstemmig.

Ho fortel vidare at ho har vore ivrig i protestane på Moltu.

Ho har hatt med seg Kathrin Torvholm og Per Ståle Moltu, dei har fått over 600 underskrifter på ein underskriftskampanje.

Dei alle tre konkluderer med at dei er kjempefornøgde med politikarane i dag.

Powered by Labrador CMS