MUSIKKGLEDE: Musikken har vore viktig for Lizz gjennom oppveksten.

- Eg likar ikkje å setje musikken min i bås 

Lizz aktuell med ny song. Denne gongen på norsk 

Publisert Sist oppdatert

SANDE: På ei lita øy, utanfor Larsnes, finn ein Kvamsøya. Øya byr på fin utsikt og smale landevegar. Her bur det nærmare 300 personar og artisten Lizz er ein av dei. 

– Eg budde her fram til eg var ni år. Då flytta eg til Trondheim og så flytta eg tilbake til Kvamsøya i tjueåra.

Huset er stort, med meir enn nok plass til ho og kjærasten Anette. Innerst finn ein studioet, der Lizz har brukt fleire timar i det siste.

– Eg har ein song som omtrent er ferdig no. Den er på norsk, så det er litt spesielt.

SMILANDE: Lizz ser lyst på det komande året.

Alle songane Lizz har skrive, er på engelsk, fram til no.

– ­ Eg synest det var litt kleint å synga på norsk, men eg merkar at det har kome seg no, så eg trur kanskje det er ein vanesak.

Artisten synest det er litt enklare å formulere seg på engelsk. Ho meiner at orda og frasane kling ofte betre.

– Det som også er litt spesielt er at eg har produsert heile låta sjølv. Vanlegvis plar eg å gå til produsent.

 

Skjønte det tidleg

Den lokale artisten, forstod i ungdomsalderen at det var musikk ho ville driva med. Ho starta med å leggja ut songvideoar på Facebook for ti år sidan.

– Det var på Facebook manageren min fann meg. Eg laga eit cover av «All About That Bass» av Meghan Trainor. Etterpå møttes me i Ålesund og eg fekk platekontrakt med selskapet «Tylden og co». Det var starten på vårt samarbeid. 

Lizz fortel av samarbeidet med Tylden og co no er avslutta. No er ho heilt på eiga hand.

– No produserer eg låtane mine heime i studioet mitt. Eg lærte meg dei mest grunnleggande ferdigheitene på kultursenteret i Trondheim i ungdomstida. Deretter fekk eg utstyret og byrja å eksperimentere. 

Lizz tar oss med til studioet der ho har produsert den nyaste songen hennar. Studioet er mørkt og gardinene stenger for den fine utsikta Kvamsøya har å by på.

 

INSPIRERANDE OMGIVNADAR: Dette er utsikta frå studio.

 

Studioet har mellom anna piano, gitarar, to store PC-skjermar og mikrofonar. Alt ein treng for å lage musikk.

– I starten plar eg å setje med ned med pianoet. Då spelar eg gjerne nokre akkordar. Deretter høyrer eg på stemninga i melodien. Korleis livssituasjonen min er har mykje å seie for kva songen handlar om.

GODT UTSTYR: Lizz har fleire instrument i studioet sitt.

Hyller kjærasten i musikken

– Eg syng jo om Anette i songane mine. «Heilt utruleg» handlar om korleis Anette hjalp meg då eg datt ned trappa heime.

Lizz er usikker på når songen kjem ut, men Nærnett har eksklusivt fått høyre den nye songen. Den fine sunnmørsdialekta kjem fram i den norske teksten. Sjangeren er ei slags blanding av pop og ein type rap.

– Vil de vera med på å laga ein song?, spør Lizz

Ja, det kan me prøva på

Lizz går til pianoet og finn fort nokre akkordar som kling bra saman. Det er tydeleg at ho er ein dyktig artist med lang erfaring. På få minutt har ho laga og spelt inn ein fengande melodi på datamaskinen.

FIN UTSIKT: Lizz kan nyta sjøutsikt frå huset sitt på Kvamsøya.

Leikar seg med fleire sjangrar

– Eg spelar mest pop og rock. Eg veit ikkje heilt kva for ein sjanger eg spelar i dersom eg skulle ha bestemt meg for ein sjanger. 

Lizz er klar på at det er nokre tema som går igjen i songane hennar: Kjærleik og erfaringar frå livet.

– Eg skriv jo veldig mykje om kjærleik. På både godt og vondt. Eg skriv også mykje om erfaringar og om livet, slik eg har gjort i «Heilt utruleg».

Nærnett-journalistane fekk i oppgåve i å skrive om noko heilt anna: praksisperioden i journalistutdanninga. I løpet av kort tid, var både tekst og melodi nesten ferdig.

– Dette var jo ein fengande melodi. Eg kunne nesten tenkt meg å bruka den sjølv, seier Lizz lattermildt. 

Året har starta forholdsvis roleg for artisten.

– Eg tok meg ein fri månad i januar. Dette trur eg var lurt slik at eg kunne starte for fullt igjen i februar. Eg vil jo opp og fram. Eg vil ha konsertar og eg ønskjer å stå meir på festivalar. Eg vil bruka dette året på å finne ut av kva for nokre prosjekt eg vil jobba mot for å satse på. 

Komande laurdag skal Lizz spele på Vonheim i Haugsbygda. Arrangementet blir kalla «vinterdans».

– Eg trur det blir veldig kjekt. Eg plar eigentleg ikkje å bli så nervøs før ein konsert. Eg synest berre det er kjekt. Det er noko som skjer når eg kjem på scena. Ein på-knapp som automatisk går på.

Høyr reportasje frå Radio Volda om saka her!

Powered by Labrador CMS