VIKTIG SAK: Matjorda er ein viktig ressurs på søre Sunnmøre

– Nei, så langt har me ikkje tenkt

Det svarar ordførar i Hareid, Bernt Brandal, på spørsmål om matjord er prioritet i kommunestyremøte. 

Publisert Sist oppdatert

Matjord og arealplanlegging i Noreg

Landbruks- og matdepartementet er eit offentleg departement, representert av landbruksministeren i regjeringa. Dagens landbruksministar er Geir Pollestad frå Senterpartiet. Departementet sendte ut ei oppmodning til alle kommunane i heile Noreg til å ikkje bygge ned dyrbar matjord. Per nå er det sett av minst 140 000 dekar dyrka mark til utbyggingsføremål i kommunale planar som enno ikkje er realisert.

VESTRE SUNNMØRE: Eit godt og berekraftig jordbruk er ei vedteken prioritering for regjeringa. I kommunane på søre Sunnmøre har dei ulike meiningar om saka. 

På kommunestyremøte i Sande, var ei av sakene eit brev frå Landbruks- og matdepartementet. I brevet stod det at kommunane rundt i Noreg må spare dyrbar mark frå utbyggingsformål, til landbruks-, natur-, frilufts-, og reindriftsformål. Kjartan Bleie i Sande Frp deler ikkje den oppfatninga. 

PÅ TALARSTOLEN: Kjartan Bleie vil bygge hus.

– Å bygge hus bør vere høgare prioritet enn jordvern. Utbygginga av hus bør stå sterkt i Sande for at folk i kommunen skal ha ein plass å bu, seier Bleie. 

Ikkje jordvern på monitor 

IKKJE I TANKANE: Bernt Brandal har ikkje tatt opp saka i kommunestyret.

Bernt Brandal fortel at jordvern er ei viktig sak for partiet. Partiprogrammet stadfestar at dyrka mark skal prioriterast. 

– Me har alltid jordvern i bakhodet. Brevet frå Landbruks- og Matdepartementet har me ikkje tenkt på så langt, eller tatt stilling til, forteller Brandal. 

Viktig å planlegge

BONDELAGSLEIAR: Svein Ulrik Helt Brubakk konsisterar kor viktig bevaringa av matjorda er.

– Me må kunne produsere maten sjølv. Då kan me ikkje bygge ned jorda som me skal leve av i framtida, seier Brubakk. 

Leiar i Vestre Sunnmøre Bondelag, Svein Ulrik Helt Brubakk, meiner det er viktig å ha fokus på slike saker i kommunestyra.

– Både veg og hus må til, men ein må tenke lurt og planlegge godt, seier Brubakk.

Han meiner kommunen må ha ein god plan på utbygginga, så ikkje alt av matjord forsvinn. 

– Me må kunne produsere maten sjølv. Då kan me ikkje bygge ned jorda som me skal leve av i framtida, seier Brubakk. 

På agendaen i Ulstein

HAR EIN PLAN: Scheide skal ta opp brevet frå regjeringa på neste møte.

Ordførar i Ulstein, Stian Skorgen Scheide, seier at dei har ei god og sunn haldning til dette i kommunen. 

– Det er matjord i kommunen som blir ofra fordi jorda ligger mellom areal som allereie er utbygd. Det er diskusjon om ein skal erstatte denne jorda, men då må ein ta av utmarka, fortel Scheide. 

Scheide fortel at saka skal opp som referatsak i neste kommunestyremøte. 



Powered by Labrador CMS