Songaren frå Hornindal

Oline Løvlid har undervist ungar og vaksne i folkesong i over 30 år. I 2016 fekk ho Kongens fortjenstmedalje for sin innsats for folkesongen. 

Publisert Sist oppdatert

Oline Løvlid starta med innsamling av songmateriale og songundervisning i 1989. 

— På det meste hadde eg 83 elevar som fekk gratis undervisning og læremateriale. Dei var i alderen 3-20 år, delte i fem grupper. 

Dei fyrste åra brukte ho mest heimen sin til undervisning. 

— Det gjer eg enno av og til. Innhaldet blir litt annleis då. Då kan barna leike i heile huset i pausen. No brukar eg mest kommunale bygg til øvingane. 

No har ho nærare 40 elevar, både ungar og vaksne. Læremåten er å lytte og herme. Det er slik ho sjølv har opplevd det på kurs. Eigentleg burde ikkje songane skrivast ned i det heile tatt. Det er lett for at dei blir uniformerte, at mangfaldet ikkje blir ivareteke. 

— Men det er jo uoverkommeleg å få formidla alt stoffet viss eg ikkje brukar tekstar. Då kan foreldra hjelpe dei ungane som ikkje kan lese, seier Løvlid. Ho lagar og cd-ar som ho brukar i undervisninga. 

Øvingane varer i ein time, med song, leikar og dans. Dei avsluttar kvar øving med eit felles måltid. Det er sosialt for både ungar og vaksne. 

 Løvlid syns undervisninga er viktig. Folkesongen gir sjølvtillit og identitet. Dei øver og på å opptre. 

— Det er viktig å lære dei å opptre. Ikkje fordi det å måtte opptre er så viktig i seg sjølv, men det gjev sjølvtillit. Dei lærer å stole på seg sjølve. Berre det å gå fram til mikrofonen, ikkje gjere noko, men bukke og få applaus, er læring. 

Løvlid meiner mestring under trygge forhold er veldig viktig. 

— Derfor likar eg ikkje at dei opptrer utan at eg er med, dei minste, for viss det da skjer noko ubehagelig så er ikkje det så hyggeleg, dei blir utrygge. 

Løvlid meiner teksten er det viktigaste i sangane ho lærer bort. Det var det ho lærte. Melodien skal underbygge teksten. 

Vaks opp med musikk

Musikken har alltid vore ein del av livet hennar.

— Me pleide å synge i lag når me vaska opp, søskena mine og eg. Me sang songane me høyrte på radioen, gjerne fleirstemt. 

Løvlid fortel at ho og sang i kor når ho var i tenåra, og seinare i vaksen alder. Folkesongen kom seinare i livet.

— Eg oppdaga at eg hadde lært meg folkesong utan å vere klar over det. Eg hugsa små regler, barnevers og songar som var traderte, som var folkesong. 

Ho fortel at ho var med på ein kappleik ein gong kor det var litt folkesong. Det ga meirsmak. 

— Eg kjøpte kassett og hadde i bilen så eg kunne øve på å synge når eg var aleine. 

Kassetten var frå Telemark fordi det var lett å få tak i. Det var på den tid ikkje gitt ut noko lokalt.

— Eg tenkte at det måtte jo finnast folkesong i Hornindal og. 

SONGAREN FRÅ HONNDALEN: Oline Ragnhild Løvlid

Samla inn songmateriale heimefrå

Løvlid starta å samle inn songmateriale frå heimtraktene, som ho ga vidare til fylkesarkivet. Ho samla eldre folk frå bygda som ho mistenkte at kunne noko, og slik var ho i gang med innsamlinga. Ho gjorde opptak og fekk høyre historiene rundt songane. 

Ettersom ordet spredte seg om innsamlinga, vart det fleire og fleire kjelder. Ho fortel at det kan vere ringverknader som gjer at ho finn fram til neste kjelde. Det er og tilfeller kor ho mistenker at folk kan noko, men dei ikkje har visst om dette sjølve. Desse kjeldene vart glade for å få gje vidare skattane sine. 

— Eg har aldri gått inn i eit einaste hus for å gjere opptak, utan å finne noko. Og det har blitt mange hus. Berre det å møte kjeldene i seg sjølv har jo vore så fantastisk, fortel Løvlid. 

Ho fortel at dei eldste opptaka ho har er frå 1939, kjøpte frå NRK. Det var spesielt for elevar å syngje i lag med tippoldeforeldre på opptak. 

— Om gamle opptak og nyare var det heldig at eg etter kvart hadde fått ein del kunnskap om innsamling, og korleis ein tek vare på kjeldene. Eg vart klar over kva som kunne skje når ein sang i studio med mikrofon, i staden for at dei gjekk ute på markene og song mens dei arbeidde. Kjeldekritikk er viktig, men det krev kunnskap. 

Songens utvikling 

Songane ho har leita fram er knytt til skikkar. Dei fortel om dagliglivet i ei bygd og om sorg og glede. 

— Det å ha folkesongen å støtte seg til, og utøvarane som vart brukt i gravferd og bryllaup og alt mulig sånt, det var ein sikkerheit i bygdene. Det var trygt. Dei visste at desse folka var der. Det fanst ikkje byrå for alt før i tida. 

Korleis ein brukar songen meiner Løvlid har endra seg. 

— Før var songen ein nødvendig brukskunst som hadde ein funksjon. Vi kan godt seie det samme idag, men den er kanskje meir brukt i sceneformat. 

Ho meiner me lærer på ein anna måte enn før. Før radioen kom så lærte dei av dei som tilfeldigvis song. 

Løvlid fortel om ein mann i bygda som lærte folkesong ubevisst av å høyre på bestefaren når han sang. Han oppdaga ikkje kva han kunne før han var 30. Sånt syns Løvlid er imponerande. 

Ho er sikker på at folkemusikken vil leve vidare i framtida. Ho har gjort ein innsats for å sørge for at songen blir tatt vare på. 

— Så lenge vi har spelemannslag, folk som vil drive med opplæring, og foreldrene kjem med ungane sine, så vil det bli brukt. Og vi har fått folkesongen og -musikken inn på høgskulenivå. Eg er stolt av dottera mi Unni Løvlid som har kjempa fram dette. 

Elevane inspirerar 

Løvlid har og jobba med ulike prosjekt i tillegg til undervisning og innsamling. I 2006 gav ho ut albumet Fortal, med folkesongar frå Hornindal, i samarbeid med Unni Løvlid. Dei hadde med seg 63 lokale songarar, 3-93 år gamle. 120 opptak vart til ei plate med 50 songar. 

Løvlid blir inspirert av elevane sine. 

— Dei er heilt fantastiske. Eg vert og inspirert av tidligare elevar som ennå brukar det dei kan. Dei har status som å synge i gravferder, viseverter og synge i godt lag. Dei kjem med barna sine for at dei skal få lære. 

Ho er stolt av arbeidet ho har lagt ned med folkesongen, og over at ho lærte seg å undervise. 

— Eg ser kor godt ungane har av å lære.

Å få Kongens Fortjenstmedalje er ho og stolt over. 

— Det veldig stort å få den. Det var stort for meg, men det viser og at det eg gjer er viktig arbeid. Og arbeid skal eg love deg at det er. Det har blitt mykje arbeid. 

Powered by Labrador CMS