SINT: Åse Leirgulen gjer alt ho kan for at steinbrotet på Aksla skal stansast.

Vil ha UNESCO-vern og nasjonalpark – no er steinbrotet vedteke

Gjennomsnittleg to fotballbaner med norsk natur vert bygd ned kvar dag. I Bremanger kjempar lokalbefolkninga for å bevare 6000 år gamle helleristningar.

Publisert Sist oppdatert

BREMANGER: I ei vik i Frøysjøen ligg eit av Europas mest urørte helleristningsfelt. Frå Vingen Helleristningsfelt ser ein ut på omgivnader som kunne ha vore eit måleri frå nasjonalromantikken: 

FERDSELFORBOD: Etter hærverk på bergkunsten på 90-talet blei det totalt ferdselforbod på Vingen. For å kome hit må ein ha med guide.

Her er ingen bustadfelt, ingen bilveg og ingen folk. Her er kultur, natur og historie. 

– Det er som ein tidskapsel å kome til Vingen, seier Yrja Skjærum. 

Ho er arkeologistudent ved Universitetet i Bergen og skriv masteroppgåve om helleristningane på Vingen.

Bremanger kommune har vedteke å nominere helleristningsfeltet til UNESCOs verdsarvliste for kultur- og naturvern. Det er på grunnlag av den verdifulle kulturarven som ligg i helleristningane ved Vingenfeltet. 

Samstundes har fleirtalet i kommunestyret stilt seg bak at det nederlandske firmaet, Bontrup, skal få starte opp eit steinbrot på fjellet Aksla. Aksla ligg også i Frøysjøen, berre eit steinkast frå Vingen.

Kultur, natur, historie ... og industri?

– Eg synest ikkje noko om vedtaket. Det er ein ufatteleg dårleg ide å leggje steinbrotet så nærme Vingen, seier Åse Leirgulen om det nederlandske prosjektet.

Ho er lokal innbyggjar frå same stad som etternamnet. Frå Leirgulen tar det 15 minutt med båt til Vingen Helleristningsfelt.

DÅRLEG IDE: Åse Leirgulen meiner at steinbrotet på Aksla vil øydelegge opplevinga av Vingen Helleristningsfelt.

I februar i år vedtok regjeringa, ved kommunal- og distriktsdepartementet, steinbrotet. 360 millionar tonn stein står klar for å hentast ut frå Akslafjellet. Vedtaket har møtt mykje motstand, frå arkeologimiljøet, naturvernsrørsla, Riksantikvar og statsforvaltar. Steinbrotet på Aksla vil ligge om lag sju kilometer frå Vingenfeltet. Feltet har over 2000 helleristningar frå tidleg og sein steinalder: Opptil 6000 år sidan i dag.

Ordførar i Bremanger kommune, Anne Kristin Førde, er derimot fornøgd med at det har kome eit vedtak i saka. I Svelgen, ei bygd med fjord, fjell og fabrikk, rungar smelteverket frå sin plass inst i fjorden og spreier sine rop utover bygda.

– Denne saka har vore inne sidan 2010. Det er ei sak som eg har arva frå tidlegare kommunestyre. Eg er berre glad at vi endeleg har kome til eit vedtak, seier ho.

FORNØGD: Ordførar Førde meiner at steinbrotet vil vere bra for lokale verksemder i kommunen.

Ordføraren seier også at prosjektet på Aksla vil vere bra for kommunen. Ho fortel at eit slikt prosjekt er avhengig av lokale verksemder som røyrleggarar, elektrikarar og andre entrepenørar.

SVELGEN: Smelteverket står nesten majestetisk plassert på ei berghylle i Svelgen. I tillegg til eit stort naturmangfald, er industrien viktig for Bremanger kommune.

Urørt natur, uhøyrd støy

Vingen er det nest største feltet med helleristningar i Norge. Men det skil seg likevel frå sin storebror i Alta. 

–  Vingen er det mest urørte helleristingsfeltet vi har landet. Verdsarven i Alta er større, men på langt nært så urørt som det Vingen er, seier Trond lødøen, førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen.

Lødøen har forska på Vingenfeltet i mange år og har skrive bok om helleristningsfeltet.

Også Åse Leirgulen legg vekt på dette. Ho meiner at mykje med opplevinga av å vere på Vingen er å kjenne på den totale stilla. Med eit steinbrot så nærme, fryktar ho at lys- og lydforureining vil fjerne ein viktig del av det autentiske Vingenfeltet.

Slik Vingen står i dag er feltet tilnærma heilt likt som då helleristingane blei forma. Det einaste ein kan sjå av infrastruktur frå Vingen er brygga vi kom inn på og eit hus som står til rådigheit for forskarar på feltarbeid. Lengre ut i fjorden kan ein også ane eit raudt naust ved vasskanten.

AUKA VASSTAND: I steinalderen då helleristningane blei laga, sto vatnet opp til pipa på bua. Bua er eit av få bygg på Vingen. Forskarar og studentar kan bruke denne på feltarbeid.

Leirgulen samanliknar Vingen med ein katedral. Lukta av fuktig grunn svevar i lufta. Stilla blir berre avbrote av elva som sildrar ned frå fjellet. Berget som omringar oss er hardt og solid, det er ei tryggheit og ein trussel på same tid. 

Ordførar Førde delar ikkje uroa til motstandarane. Ho meiner det ikkje er noko problem å drive steinbrotet og samstundes ivareta Vingenfeltet. 

– Det er ikkje slik at den eine utkonkurrerar det andre, seier ho.

SPOR ETTER FORTID: Inst i dalen renn elva ned frå Vingevatnet. Etter oppdemminga av vatnet er det lite vassføring i elva. Krafta frå vatnet synar smelteverket i Svelgen. Husa på bilde er gamle gardsbruk som har stått tomme sidan 30-talet.

Sjølve helleristingane vil ikkje bli øydelagde av steinbrotet, men det er ikkje bergkunsten i seg sjølv motstandarane er uroa for. Det er området i si heilheit dei meiner er utsett. 

Leirgulen ser ut mot fjorden. På fjella, på berggrunnen - på heimstaden sin. Auga hennar blir blanke når ho fortel om det ho er så redd for å miste. 

– Vingen er ikkje berre eit helleristningsfelt. Det er også ein plass for rekreasjon og naturoppleving. Det er ein plass kor ein kan finne ro, fortel ho. 

Mykje å ta av

Ordførar Førde meiner at steinbrotet, som vil ligge sju kilometer frå Vingen, ikkje vil påverke kulturarven som ligg der. 

–  Ein kan ikkje ein gong sjå steinbrotet frå Vingen, seier ordføraren.

Det same seier prosjektleiar i Bontrup, Michiel Peters. Han kan fortelje at prosjektet ikkje vil strekke seg utover det området dei har fått løyve for å drifte i. Dette er noko av det forskar Lødøen er skeptisk til, han meiner at slike prosjekter har ein tendens til å strekke seg utover det som er lova i reguleringsplanen.

Sjå bilder av bergkunsten i bildekarusellen:

MOTSEGN: Båe riksantikvar og statsforvaltar har gått i mot forslaget om steinbrot på Aksla. Deira motsegn har ikkje blitt følgd i vedtaket.
HJORTORAMA: Dei fleste helleristningane på Vingen er av hjortedyr.
FORHALDSMESSIG: Det er ikkje kvar dag bergkunsten er like tydeleg. Dette berget er eigentleg dekt av helleristningar. Ser du nøye kan du kanskje ane konturane.
MASTEROPPGÅVE: Yrja Skjærum skriv masteroppgåve i arkeologi om hjorteteikningane ved Vingen.
GRAVPLASS?: Her er eit menneskeskjellett avbilda. Ein teori er at Vingen blei brukt som gravplass i steinalderen
RAUDMALING: På 80-talet var det vanleg å måle linjene i helleristningane slik at dei skulle bli lettare synleg. Kan du sjå bilde på den vertikale steinen?
RAUDLISTA SKOG: I tillegg til verdien i helleristningane er det raudlista regnskog i utskipingsområdet til steinbrotet. Naturtypen heiter boreonemoral regnskog og er kategorisert som sårbar i raudlista
KALV: Sannsynlegvis er dette ein hjortekalv

Førde vektlegg også at Bremanger er ein kommune med mykje natur. Ho trur at med dei endringane som er gjort i reguleringsplanen vil ikkje dette steinbrotet ha for mykje å seie på naturen i området. Ordføraren anbefaler oss å dra rundt i kommunen og sjå oss om: Det er noko med å leggje merke til kva som er rundt ein.

I tillegg påpeiker Førde at dette ville vore ein enklare kamp å kjempe i byane.

– Vi må kunne starte næringsverksemd på distriktet også, seier ho.

Moglegheit for turistnæring

HORNELEN NASJONALPARK: På andre sida av fjorden ligg Hornelen. Ein kan ikkje sjå fjellet frå Vingen, men frå toppen har ein god utsikt mot Aksla.

På andre sida av fjorden frå Vingen ligg Hornelen. Det er Europas høgaste sjøklippe med sine 860 meter. I mange år har det vore diskutert om fjellet og området rundt det skal få status som nasjonalpark.

Leirgulen meiner at det er gode moglegheiter for ei utvida turistnæring i området. Ei næring ho trur kan gi større inntekter enn det steinbrotet på Aksla vil gi Bremanger kommune. Om steinbrotet blir etablert kan draumen om nasjonalpark forsvinne.

–  Det er ingen som vil gå tur opp til eit fjell for å ha utsikt over eit steinbrot, seier Leirgulen. 

Leirgulen fortel at mesteparten av lokalbefolkinga står saman mot steinbrotet på Aksla. Ho seier at dei gjer alt dei kan for å stanse prosjektet.

– Fyrst var vi veldig triste og kjende på eit stort tap, no er vi mest berre sinte, avsluttar Leirgulen.

Powered by Labrador CMS