TØFFE DUELLAR: Både Volda og Ørsta tråkka til i duellane.

Volda fekk revansje mot Ørsta

Volda vant 2-0 mot Ørsta i NM-kvalifiseringa. – Me fekk nokre stadfestingar i dag som me ikkje har fått tidlegare, sa Volda-trenar Arild Hagen Bakke.

Publisert

VOLDA: Tysdag kveld var det klart for lokaloppgjer på Sparebank1 Idrettspark. Sist gong Volda og Ørsta møtte kvarandre var det Ørsta som stakk av med sigeren. Denne gongen fekk voldingane teke revansje.

Me er godt nøgde med å vinne 2-0 på heimebane. Me fekk nokre stadfestingar i dag som me ikkje har fått tidlegare. Vi møter opp og går i krigen på lik linje som Ørsta gjer. Dette har dei vore betre på enn oss tidlegare, seier Bakke.

Voldingane fekk jubla

Ørsta scorte det første målet i kampen etter 16 minutt, men det vart dømt offside. Rivaliseringa mellom klubbane var tydeleg på bana. Temperaturen var høg blant spelarane og publikum var tydeleg engasjert i lokaloppgjeret.

MOR OG DOTTER: Tone Bjørdal og Siw Bjørdal Lillebø synest det er viktig å heie fram laget sitt til siger.

Kampen var jamn og prega av to lag som gjerne ville sitje igjen med siger. Ørsta får nokre målsjansar i første omgang, men dei er ikkje farlege nok framfor mål. Etter 44 minutt fekk Volda corner. Corneren vart slått inn i 16-meteren der fleire kriga etter ballen. Til slutt var det Bjørn Otto Holsvik som fekk sett ballen i nettet bak Ørsta-keeperen etterfulgt av full jubel frå tribuna.

Volda haldt på måljaget gjennom pausen, og med eitt minutt spelt i andre omgang sette Håvard Ervik ballen i nettet etter å ha teke seg forbi ein Ørsta-forsvarar. Nok ein gong kunne voldingane juble. Etter ein litt rolegare andre omgang enda lokalderbyet til slutt 2-0 til heimelaget.

Har forbetringspotensiale

Volda kjem til å spele i fjerde divisjon når sesongen byrjar igjen i april. Laget rykka ned frå tredje divisjon i fjor. Trenar Arild Hagen Bakke er klar på at dei har mål for den komande sesongen.

– Etter me rykka ned i haust, har me vore tydeleg på at me ynskjer oss tilbake i tredje divisjon. Me fekk ein god peikepinn på at det skal vere mogleg. Ørsta er eitt av dei laga som me veit kjem til å vere i toppen av fjerde divisjon.

MYKJE POSITIVT: Volda-trenar Arild Hagen Bakke var nøgd med kampen, men forklarar at dei framleis har forbetringspotensiale på fleire område.

Bakke legg vekt på at sjølv om han er nøgd med resultatet, er det framleis ting dei må øve på. Han trekk fram flyt og rytme i pasnings- og angrepsspelet som noko dei må øve på.

– Me øver mykje på det offensive, og me fekk den flyten me ønska. Me tok ikkje nok vare på ballen til å skape fleire sjansar, men det kjem etterkvart. Ørsta skapar få målsjansar frå 30. minutt og utover. Dersom me hadde vore meir nøyaktige offensivt, hadde vi klart å skape fleire farlege målsjansar, seier Volda-trenaren.

Ørsta sin trenar, Bjarne Austrheim, er derimot ikkje like nøgd med resultatet.

– Eg er ikkje nøgd med resultatet. Me stressa litt for mykje i denne kampen, men eg er nøgd med første omgang. Då spelar vi slik vi skal spele.

Ikkje berre negativt for Ørsta

Austrheim ser derimot ikkje mørkt på den komande sesongen.

– Eg synest det ser bra ut til sesongstart. Vi speler fotball slik som vi skal i første omgang, då synest eg at me var betre enn Volda. Vi spelte av presset deira, vi tør å halde ball og eg synest me skapte ein del.

NØGD MED FØRSTE OMGANG: Ørsta-trenar Bjarne Austrheim synest at det var fleire positive ting å ta med seg etter kampen.

Austrheim fortel at han er overraska over at Volda spelte mange lange ballar i første omgang.

– Me klarte å stresse dei. Dersom me hadde klart å gjort det i begge omgangane, trur eg utfallet kunne ha vore annleis.

Austrheim seier i likskap med Bakke at rivalane kjem til å vere dei beste laga i fjerde divisjon og avsluttar: – Eg trur det blir artige kampar i serien når det står om poeng. Det blir spanande å møte Volda.

Her kan du høyre radiosaka frå kampen:

Powered by Labrador CMS