Dagleg leiar i Volda TI Fotball: Rønnaug Myklebust fortel at det har vore ei sportsleg satsing i klubben.

Volda Fotball med nærare ein million i underskot

Dei har budsjettert inn eit underskot i 2024 og kjem ikkje på plussida. Den generelle prisøkninga i samfunnet spelar inn, fortel dagleg leiar Rønnaug Myklebust.

Publisert

VOLDA: Etter årsmøtet i klubben la dei ut resultatrekneskapen på nettsida. Der sto resultatet på minus 953.161 kroner. 

Myklebust fortel det er den generelle prisauken i samfunnet. Auka matprisar, straumprisar og kommunale avgifta, men at det er ein faktor som har hatt spesielt stor påverknad:

– Renta på lånet har auka kraftig og vi har et høgt lån på hallen som vi har bygd. Frå 90.000 i renteutgifter i 2022 til 370.000 i 2023.

Saparebank1-hallen ved Volda stadion vart bygd i 2014. Det er eit veldig langsiktig lån og fleire år igjen, fortel den daglege leiaren.

Sportsleg satsing

TRENING: Frå ei økt under oppkjøringa i vinter.

I 2022 og 2023 hadde vi ein spelarutviklar og trenar i fulltidsstilling. Trenar for A-laget på herresida og spelarutviklar for  både ungdom og senior, fortel Myklebust før ho fortsett:

Det gjekk ikkje som planlagt. Longtidssjukmeldingar og bytter i administrasjonen gjorde at vi fekk følgt det opp på same måte som planlagt. 

                                                    Innstrammingar 

Dei har gjort fleire tiltak for å auke inntektene.

– Vi har endra medlemssystem og fakturering av FFO og Bygg1 Akademiet. Vi ser at det er lettare å få inn dei månadlege betalingane, seier Myklebust og held fram. 

– Vi har ikkje fått inn all inntekta vi skulle ha, som gjer at vi satt ein del på tap, fortsetter Myklebust.

Ho fortel at dei også har kutta ned på mange utgifter.

– Den fulltidstilsette trenaren og spelarutviklaren si kontrakt gjekk ut i november, den blei ikkje forlenga. Trenaren på A-laget er no deltidstilsett, fortel Myklebust vidare.

Sportsleg påverknad

I haust blei det klart at A-laget på heresida måtte ned eit nivå, frå Norsk Tipping ligaen til fjerde divisjon.

Myklebust fortel at det er meir utgifter i Norsk Tipping, men dei får meir støtte frå NFF:

– Vi har ikkje rekna på kor mykje nedrykket har hatt å si.

 Videre fortel Myklebust at inntektene frå sponsorane er endra i takt med korleis det går med bedriftene økonomisk. Det er nokre bedrifter som har trekt seg ut, men det er og nokon som har gått inn med meir.

  – Det handlar ikkje om at vi har rykka ned frå tredje til fjerde divisjon, konkludera Myklebust.

Snart i pluss

Resultatet i 2022 var eit større underskot enn i fjor. I år vil også kostnadane vere større enn inntektene og vil ende opp 90.000 kroner i følge budsjettet. I 2025 håpar idrettslaget å gå i pluss.

  –  Det er eit langsiktig prosjekt å få over på plussida, men et kontrollert underskot, avsluttar Myklebust med. 

Powered by Labrador CMS