REKTOR: Margaret Alme er letta over å sjå så mange søke seg inn til yrkesfag hos Ulstein vidaregåande skule.

Yrkesfag toppar søkarlistene fleire stader i landet. Det har gått rett opp!

Denne veka kom dei nye tala for søking til vidaregåande utdanning. Hos fleire fylkeskommunar toppar yrkesfag lista og færre har søkt seg inn på studieførebuande. 

Publisert Sist oppdatert

MØRE OG ROMSDAL:  Her i fylket kan ein sjå ein tydeleg auke i tala på søkarar til yrkesfag. I ei pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune, kjem det fram at 65 prosent av elevane har søkt yrkesfag. 

I år var det 3.806 søkarar til vidaregåande utdanning, som er ein auke på to prosent (92 søkarar) frå i fjor. Når det gjeld yrkesfag har delen søkarar auka med seks prosent samanlikna med i fjor.

Størst nedgang 

BYGG OG ANLEGG: Den yrkesfaglege utdanninga Bygg og anlegg har i år ein nedgang på fire prosent.

Utdanningsprogrammet med størst nedgang i søkarar er studieførebuande. Tala gikk ned med 22 prosent (frå 993 til 777 søkarar). Bak studieførebuande ligg også idrettsfag med nedgang på fire prosent, og bygg og anlegg med fire prosent.

— Tala varierer frå år til år, men vi ser ein større trend i dag med fleire som søker til yrkesfag, sier Margaret Alme. 

Alme fortel kor viktig det er for elevane å søke det ein vil. Ho fortel også kor viktig det er for elevane å ha interesse i den yrkesretninga ein skal søke seg til. Så lenge eleven har nytte og glede av å gå på skulen, så kan ein få til kva som helst.

Reiseglade elevar var størst på lista

Utdanningsprogrammet med flest søkarar i år er Sal, service og reiseliv. Søkinga til programmet auka med heile 39 prosent i år samanlikna med i fjor. 

— Vi søkte for å kunne oppleve reiseliv og lære seg å yte service. Ein kan også bli sin eigen sjef og opprette ei eigen bedrift, det er spennande!

FORNØGDE ELEVAR: Sean Suktamuk (17), Attahnee Stark (17) og Sabrina Djupvik Knotten (16) er alle fornøgde med å gå Sal, service og reiseliv hos Ulstein vidaregåande skule.

Eit populært val

Hos sal, service og reiseliv jobbar elevane med økonomi, marknadsføring, entreprenørskap og innovasjon. Ein god del av utdanninga inneber også mykje læring om reiseliv og turisme.

I praksisperioden får åtte av fjorten elevar reise til den godt kjente turistøya Gran Canaria for å utfordre seg til framtidas møte med kundar og turistar. Utdanningsprogrammet har i det siste blitt eit særdeles populært val. 

BRENN FOR YRKESFAG: Kenneth Engebretsen som er lærar hos sal, service og reiseliv ynkjer enda fleire fagfolk i fagfeltet.

Lærar Kenneth Egebretsen synest det er kjempebra at fleire søker Sal, service og reiseliv. 

— Vi har hatt eit fråfall av tilsette etter korona, men no ser vi ei auke og enda større interesse for spesielt reiselivsfag. No skal det byggjast opp igjen. 

Kvifor er det så viktig å få fleire inn i yrkesfaga?

— Ein vil jo skape eit levande lokalsamfunn, og da er det viktig med fagfolk frå området. Det finst også utruleg mange karrieremoglegheiter! Du får møte menneske, holde på praktisk framfor teoretisk og får ein utruleg god eigenskap som kan førast vidare inn i ein framtidig jobb. 

Powered by Labrador CMS