Panelsamtale om ytringsfridom. Avbilda, f.v, Ingrid Vik, leiar i Utsyn, leiar i AUF, Gaute Skjervø og ordstyrar og jurist Ellen Lexerød Hovlid, journalist Amund Trellevik var også til stades.

-Dei mest høglytte får overdøve oss

"Det er ein uakseptabel pris ein skal betale for å være offentleg person, men det er ein konsekvens av ein samfunnsdebatt kor capslock-krigarane, dei mest hatefulle blant oss får overdøve resten av oss."

Publisert Sist oppdatert

VOLDA: Det fortalde Gaute Skjervø, leiar i AUF under panelsamtalen der temaet var: "Kvar går grensa mellom ytringsfridom, hets og trugslar?". I tillegg til Skjervø var leiar i Utsyn, Ingrid Vik, journalist Amund Trellevik og Eirik Veum frå PST. Debatten blei leia av professor i mediejus Ellen Lexerød Hovlid ved Høgskulen i Volda.

Gaute Skjervø har i si tid som leiar i AUF, mottatt hets og voldstrugslar. I mai fortalde han til NRK, at han har valdsalarm. AUF har gått igjennom 30.000 kommentarar på Facebook, der ein av dei lyder slik:

Denne fyren skal eg skambanke dersom eg treff han på eigahand der ingen vittner befinner seg.»

Til Nærnett fortel Skjervø korleis han har opplevd slike kommentarar:

- Det er ganske slitsamt i lengden. Det er likevel viktig for meg seie at eg trur ikkje dei som skriv slikt er særleg mange i forhold til resten av oss. Så sjølv om det er ein kostnad, mistar eg ikkje motet av den grunn. Eg veit at flest mulig ikkje delar det synet på sine medmennesker.

Skjervø overlevde den mørkaste dagen i Noregs historie. Som 16 åring mista han vener og kameratar til 22. juli-terroren, medan han sjølv var ein av dei overlevande. På digitale plattformar er negative reaksjonar mot spesielt Arbeidarparti-politikarar enormt. 

Skjervø fortel at Terje Embeland ved Holocaustsenteret argumenterar for at dette er eit 100 år gammalt hat i Noreg, som har eksistert som ei forteljing som på motsatt side speglar den oppfattelsen som han lever etter.

Han fortel vidare at anten du meinar at det er altfor mange innvandrarar i Noreg, at skatten er for høg, eller at kvinner har for mykje makt - så er det Arbeiderpartiet sin feil. Arbeidarpartiet har hatt styringa i stort sett dei siste 80 åra, så vi er jo på ein måte ansvarlege, fortel han.

Den som seier at sosialdemokratiet har bygd Noreg, medan nokre opplev at Arbeidarpartiet har øydelagt samfunnet, at Arbeidarpartiet er ansvarleg for alt som er galt i Noreg.

Skjervø peikar på at også enkelte minoritetar som unge kvinner med hijab, enkelte jødiskeminoritetar og skeive er ekstra utsatt for hat og hets, og at dette er problematisk med tanke på representasjon i politikken.

Mykje hat, hets og trugslar skjer på digitale plattformar og i kommentarfelt. Gaute Skjervø fortel at etter 22. juli er det få gongar han har opplevd trugslar i den fysiske verda, det er stort sett på nettet:

Sosiale-mediar har blitt ein vill vesten for kommentarkrigarane. Plattformane dyttar fram og belønnar dei mest ekstreme. Det er det som genererer mest latteremoojis, sinteemoojies, det er det som får mest rekkevidde.

Skjervø meinar at plattformane godtar eigentleg omtrent alt, dei har inga redaktørfunksjon, og dette er ein del av prisen vi betalar for å outsource så mykje av offentlegheita vårt til internettet.


Uakseptabelt

Ingrid Vik, leiar i UTSYN, senter for sikkerhet og totalforsvar, peikar på at hat og hets kan ha alvorlege konsekvensar.

- Folk trekkjer seg og sensurerar seg sjølve. Dei ønskjar ikkje å delta i ein del debattar. Det gjer at dei som er mest høglytte, er dei som får definere sakene. Det bekymrar meg fordi det er demokratisk underskudd. Eg meinar dette er eit alvorleg problem, seier Vik.

Vik fortel vidare at det finst heilt konkrete bevis for kva hat og hets gjer med ytringsfridomen:

- Det som skjer, er at det er innmari vanskeleg for partia og rekruttere politikare til listene sine. Det ser vi på lokalvala og dette finst det mykje forsking om.

Powered by Labrador CMS