NY BIBLIOTEKLEIAR: Mariann Schjeide byrja som ny bibliotekleiar ved Høgskulen i Volda 1. mars.

Ny biblioteksjef ved høgskulebiblioteket

Mariann Schjeide var 20 år gamal da ho byrja å studere nordisk ved Høgskulen i Volda. No er ho attende - som biblioteksjef.

Publisert Sist oppdatert

VOLDA: – Eg må nesten klype meg sjølv i armen. Eg hadde stor respekt for høgskulebiblioteket da eg gjekk her sjølv.

Mariann Schjeide frå Ålesund var sjølv ein aktiv brukar av biblioteket medan ho var student ved høgskulen. Sidan då har ho teke bibliotekutdanning, jobba i bibliotek i mange år og vore leiar for Norsk Bibliotekforening.

Folkeopplysning i fokus

Men no er ho altså attende ved Høgskulen i Volda. Schjeide ynskjer å kunne opne opp biblioteket for bygdefolket. Medan det no er mange som ikkje er klare over at dei i det heile teke kan gå inn i høgskulebygget, vil Schjeide invitere alle inn.

– Høgskulebiblioteket er fyrst og fremst eit fag- og forskningsbibliotek meint for høgskulen sine tilsette og studentar. Men eg ynskjer å dra fleire inn. Det er så mange skattar her - og folk har nasjonale lånekort som kan brukast overalt, seier ho.

Schjeide tykkjer det er viktig at eit bibliotek kan vera den tredje staden - ikkje ute, ikkje heime, men plassen midt i mellom, der folk kan samlast for å prate saman.

– Eg er oppteken av litteraturoppleving og slike ting, men det eg er aller mest oppteken av er folkeopplysningsaspektet. Det er så viktig for at eit demokrati skal funke.

Ho meiner at det flotte med biblioteket er at det ikkje blir gjort forskjell på folk. Det blir ikkje gjort forskjell på om du er fattig eller rik, kva utdanning du har eller kor gamal du er.

– Du skal ha den tilgangen på informasjonen du treng til ei kvar tid. Det er eit svært viktig demokratisk prinsipp.

Djupe spor

Biblioteket er eit naturleg samlingspunkt for folk - rett og slett sjølve hjartet på skulen, meiner Schjeide. Og slik vil ho at det skal fortsetje. Ho ynskjer at folk skal vite om biblioteket, at dei veit kvar det er, og kven dei som jobbar der er.

– Det krev at me opnar oss opp. Eg håpar at me kan setje eit slik spor i folk, at det slett ikkje skal vere uvanleg at studentar skal kome hit for å gifte seg, smiler ho.

Biblioteka har vore svært viktige for Schjeide sjølv. Ho var 4-5 år fyrste gongen ho var på eit bibliotek. Da var det far hennar som tok ho med til Ålesund bibliotek - eit bibliotek der ho seinare skulle bli sjef.

Tida i Volda har òg sett djupe spor i ho. I utgangspunktet ynskte ho å studere i Oslo, men det var altså ikkje der ho enda opp det året. Og det er ho glad for.

NYNORSKEN KOM I VOLDA: Nynorsk var lite populært hjå Schjeide. Men det var før ho byrja å studere i Volda.

– For meg vart Volda ei openberring. Det var her eg byrja å skrive nynorsk, og eg har gjort det sidan. Eg var på terskelen av vaksenlivet, og hadde mine to viktigaste og mest dannande år for resten av livet her, hugsar ho attende.

Ho er glad for å vere i Volda att. Schjeide veit at dette er eit bibliotek som skårar høgt i tilfredsheit blant brukarane. I tillegg sit ho med ei kjensle av at ho er attende der det byrja.

– Om det ikkje er kjensla av ein slutta sirkel, så er det hvertfall kjensla av ein slags spiral. At eg er attende ved utgangspunktet. For meg er ikkje dette ein kva for som helst høgskule. Eg er attende der eg byrja.

Powered by Labrador CMS