SKAL STEMME: Henriette Nærø (17) og Celina Frøystad (17) er glade for at dei fekk sjå ein skuledebatt, sjølv om dei helst skulle vore i lokalet sjølv også.

Elevar om digitale skuledebattar: – Typisk at det er vi som blir gløymt

Medan elevar ved Volda vidaregåande skule fekk sjå ungdomspolitikarane debattere, måtte elevane ved Herøy vidaregåande skule ta til takke med å sjå skuledebatten på ein skjerm i klasserommet.

Publisert

– Eg synest det er veldig dumt, seier Henriette Nærø (17).

Saman med Celina Frøystad går ho i tredje klasse, påbygging til studiekompetanse, på Herøy vidaregåande skule.

På måndag såg dei, saman med klassa si, på ein direktesend skuledebatt frå Ålesund. Årsaka er at fylkeskommunen i slutten av august avlyste dei fleste fysiske skuledebattane på grunn av smittesituasjonen i fylket.

Fylkeskommunen snudde

Kariann D. Flovikholm er kompetansesjef i Møre og Romsdal. Ho meiner det er riktig å ha digitale skuledepattar under ein pandemi.

Avgjerda vekte reaksjonar, og ungdomspartia møtte opp for å demonstrere. Dei meinte at smittesituasjonen ikkje var så kritisk som fylkeskommunen hevda. Deretter snudde fylkeskommunen, og bestemte at det skulle vere opp til kvar enkelt kommune om ein skulle kunne ha fysiske skuledebattar.

Kompetansesjef Kariann D. Flovikholm, som har ansvar for vidaregåande opplæring i fylkeskommunen, seier at fargekodene på smitte blir fulgt.

– I kommunar der det er grønt nivå har det vore fysiske debattar, og der det er gult nivå, eller kommuneoverlegen har sagt at det ikkje er forsvarlig, ser ein skuledebatt digitalt.

Sjølv om Herøy kommune er grøn, blei tida for knapp for den vidaregåande skulen, som i utgangspunktet skulle arrangere skuledebatt dagen etter. Kommuneoverlegen rådde også frå at det blei gjennomført større fysiske samlingar av elevar på grunn av smittesituasjonen. Konsekvensen blei ein digital debatt, ei veke seinare. Nokre parti har også vore innom på valtorg på skulen.

– Typisk at det er vi som blir gløymt

For to år sidan såg Henriette Nærø og Celina Frøystad skuledebatt saman med heile skulen i Herøy. I år sakna dei å vere der fysisk.

– Ein får jo ikkje stille spørsmål når det er ein debatt som blir streama, fortel Frøystad.

Ho skulle ønskje dei kunne sende inn spørsmål på førehand eller gjennom ein chat.

Vidare fortel ho at ho trur at fleire hadde kome på skulen om det var fysisk debatt, og ho kunne gjerne gått med munnbind eller testa seg for å sjå den direkte. Ho peiker på at dei fleste elevane og lærarane er vaksinerte.

– Det er typisk at det er vi her ute som blir gløymt, seier Frøystad.

Ho er sjølv aktiv i ungdomsrådet, og trur at lokalpolitikarane ville ha stilt om dei fikk tilbodet. Da hadde elevane kanskje kjend betre på stemninga, ifølgje ho.

Likevel er klassevenninnene fornøgde med både debattantane og temaa, og understrekar at det er kjekt at det blei debatt i det heile tatt.

Debatten førte til at Frøystad blei meir og meir sikker på kva ho skal stemme i både stortingsvalet og skulevalet. Nærø må tenkje litt til, men seier at ho heilt klart skal nytte seg av stemmeretten sin.

Det er særleg oljepolitikk, fråversgrensa og gratisk skulemat dei to herøyværingane er opptekne av.

– Heldigvis analog debatt

Jørund Fet er lærar ved Volda vidaregåande skule og er administrator for skulevalet der. Førre onsdag var det duka for skuledebatt i Volda Campus Arena, og heile skulen fekk kome og sjå. Heldigvis, ifølgje Fet.

Jørund Fet har ansvar for skulevalet på Volda vidaregåande skule. Han trur det er ein fordel at elevane fekk sjå debatt fysisk.

– Heldigvis fekk vi køyrt analog debatt. Politikarane blir mykje nærare elevane, og vi får høyrt betre, seier han til Nærsynet.

Fyrsteklassingane og syskenbarna Vanessa Vedvik (16) og Lenita Vedvik (15) er einige med læraren. Dei synest skuledebatten var spennande og lærerik.

Syskenbarna Vanessa Vedvik og Lenita Vedvik gleder seg til å stemme ved kommunevalet i 2023. Enn så lenge må dei nøye seg med skulevalet.

– Eg trur mange klarte å følgje med og fokusere fordi vi kunne vere der politikarane var, seier Lenita.

Sjølv om ho og kusina ikkje kan stemme i stortingsvalet neste veke, la dei ned ein stemme i valurna til skulevalet. Det er særleg klima og kollektivtilbod som er viktig for dei.

Demotiverande for ungdomspartia

Fylkesleiarar i AUF og Unge Høgre er begge tydelege på at dei ikkje får den same kontakta med elevane i digitale debattar.

– Vi forstår at smittevern kjem fyrst, men vi får ikkje den same kontakta med elevane som om vi hadde stått foran dei sjølv, seier Marie Hansen som er leiar av Møre og Romsdal Unge Høgre.

Marie Hansen er leiar i Unge Høgre Møre og Romsdal. Ho synest alltid skulevalkamp er gøy, men i år har det vore ekstra trøbbel med kommunikasjonen med fylkeskommunen.

Leiaren for AUF i Møre og Romsdal, Kristina Mari Roald, er einig.

– Ein kjem ikkje nær folk på same måte som elles. Det er også vanleg at kvar skule vel tema sjølv. Det er forskjell på studiepesialiserande og yrkesfagleg linje og på om ein er frå Ålesund eller Volda. Det er derfor litt vanskeleg å kome inn på folk, fortel Roald.

Leiar i AUF i Møre og Romsdal, Kristina Roald, seier det er eit godt samhold mellom ungdomspartia, og at dei særleg i år har hjelpt kvarandre med logistikk knyt opp mot smittevern og digitale debattar.

Ho fortset:

– Det har eigentleg vore eit demotiverande skuleval generelt.

Hansen frå Unge Høgre synast også at fylkeskommunen kunne vore betre med kommunikasjon, og særleg gje beskjedar i god tid i forvegen.

– Fylkeskommunen må bli langt betre på å kommunisere. Det er uheldig at vi ikkje har fått hatt valtorg på alle skulane, seier ho.

Ho legg til:

– Men vi har respekt for at det på enkelte skular ikkje har latt seg gjennomføre som planlagt på grunn av smittevern.

Dei to fylkesleiarane er elles glade for at dei har fått besøkt dei skulane dei har hatt moglegheit til, og håper elevene har fått eit god inntrykk av politikk uavhengig av om dei såg debatten på skjerm eller ikkje.

Les også om om KRF-lederen som er i hardt vær: – Håper velgerne ser bort fra det

– Debattane har fungert godt

Kompetansesjef i Møre og Romsdal, Kariann D. Flovikholm, meiner dei digitale debattane har fungert godt, og løftar også fram viktigheita av valtorg.

– Så langt eg veit har det vore valtorg på alle skulane. Ungdomspartia har i alle fall fått tilbod om å besøke alle skulane, seier Flovikholm.

På kritikken frå Hansen svarer ho at fylkeskommunen sjølvsagt skulle ønskje at skuledebattane kunne gå som normalt på alle skulane, men at smittesituasjonen har endra seg raskt.

– Smittesituasjonen har endra seg raskt, og difor har det dessverre vore vanskeleg å gi informasjon til ungdomspartia i god tid.

Kompetansesjefen peiker også på at det er meir enn berre skuledebatt som er viktig i demokratiopplæring.

– Skulane tek demokratiopplæring på største alvor, og elevane skal ha eit godt grunnlag for å ta eit val uansett om dei såg ein digital eller fysisk debatt.

Flovikholm legg til at det har vore ein del koronatesting i etterkant av dei store debattane som har blitt gjennomført.

Ungdomspartileiarane i AUF og Unge Høgre seier dei har gjort sitt for å halde avstand til elevar og til kvarandre, og seier skulane dei har vore på også har tilrettelagt godt.

Powered by Labrador CMS