Bölt: – Vi vil at publikum skal kose seg nesten meir enn oss
Det starta med ein Metallica-video, ein kassegitar og eit leikesett. No står seks ungdommar samla i eit bandrom i Volda og prøver å finne sin eigen lyd.
VOLDA: Det pøsregnar utanfor. Skoa mine er gjennomvåte når eg går rundt Volda samfunnshus på jakt etter riktig inngang.
– Er det på framsida eller baksida? spør eg i telefonen.
Ei dør opnar seg.
Der står ein blond gut i Iron Maiden-tskjorte. Eit fast handtrykk og ei trygg stemme møter meg.
– Tobias. Hyggeleg, seier han.
Vi går opp ei lang trapp. Lyset er gult, og gangen er steril. Eg undrar korleis bandrommet ser ut. Kanskje er det like sterilt?
Bak ei stor, grå og tung dør ventar seks gutar.
Rommet er stort med mørke gardiner. Eit stort trommesett på ei lita scene står i midten av rommet. På veggene heng det plakatar frå ulike filmar og band. På bordet står det lys og nokre falske dødningshovud.
Gutane helsar ordentleg, men det er noko som tyder på at dei eigentleg har andre ting å gjere.
Som å spele.
– Skal vi berre starte? spør Edgar ivrig.
15-åringen er vokalist i bandet. Han sit i ein lenestol, iført svart dressjakke med raude knappar, band-tskjorte og kapteinshatt.
Ved sida av han står 15 år gamle Simon med gitaren. Tobias (15) gjer seg klar med leadbassen. Sivert (15) sit bak trommesettet, medan 14 år gamle Herman finn fram gitaren.
Den siste i gjengen er Arve (14). Han er bandet sin lydteknikar og altmoglegmann.
Så startar dei.
Frå kassegitar til bassgitar
For Edgar har musikken vore ein del av livet så lenge han kan hugse.
– Faren min putta meg på musikken. Eg starta med å spele trommer, så bass, gitar og no er eg vokalist i bandet.
For Simon starta det med Metallica.
– Eg såg ein video av Metallica som spelte konsert i 1986. Då starta karrieren min.
Metallica er ikkje favoritten lenger. No går det mest i Iron Maiden.
Tobias fekk ein kassegitar då han fylte sju år. Det blei ikkje akkurat starten på ei musikarkarriere.
– Kassegitaren blei eigentleg berre ståande. Eg var ikkje så flink.
Men i 8. klasse endra det seg.
– Det var ein periode eg kjeda meg mykje. Eg kjøpte meg først ein el-gitar, før eg fekk ein bassgitar til jul. Så har det berre gått framover!
For Sivert kom musikken tidleg inn i livet. Faren hans spelte sjølv i band då han var ung.
– Eg hadde eit leikesett som eg spelte mykje på. I 4.–5. klasse melde pappa meg på trommeøving. I 8. klasse fekk eg vere med i bandet til Simon.
Sivert skulle etter kvart inspirere fleire enn seg sjølv. Særleg kompisen Herman.
– Eg hadde ein kassegitar på rommet mitt, men den såg eg eigentleg berre på. Då eg såg at Sivert hadde blitt god, ville eg også prøve meg.
Når musikken tek over
Arve har kontroll på det som skjer rundt musikken. Lys, utstyr, lyd og tekniske brytarar er hans område. Han er bandet sin altmoglegmann.
– Det blei meir og meir avansert utstyr, så det var litt vanskeleg å lære seg i starten, seier Arve.
No ser det ut til at han har kontroll.
Medan bandet spelar, skiftar lyset i rommet frå grønt til gult, raudt og blått. Trommeslaga til Sivert driv låten framover, medan gitarane til Simon og Herman skjer gjennom lydbiletet.
Edgar kastar rundt på mikrofonstativet. Musikken har tatt over rommet.
Saman er dei Bölt.
Frå øvingsrommet til scena
Den offisielle starten på bandkarrieren kom på Rokken i desember i fjor. Sidan har dei også spelt på Trandalrock og Stødt bar i Ørsta.
Det er framfor publikum dei verkeleg trivst. For Bölt handlar konsertane om meir enn å spele låtane riktig.
– Vi vil formidle energi. Ha det gøy, seier Edgar.
Tobias er oppteken av det same – berre med eit ekstra mål for publikum.
– Vi vil at publikum skal kose seg nesten meir enn oss!
Vennskap og fellesskap
Sidan starten har det blitt fleire øvingar, fleire låtar og mange timar saman i bandrommet.
– Bandet skapar både vennskap og fellesskap. Vi hadde ikkje vore i band om vi ikkje likte kvarandre, seier Edgar med eit smil.
Vanlegvis øver dei éin til tre gonger i veka.
Det skulle gjerne vore meir.
– Hadde alle budd i Volda, hadde vi øvd tre gonger i veka religiøst! seier Edgar.
Men bandmedlemmene er spreidde, og kvardagen skal også gå opp.
Vil Iage eigen musikk
I oktober skal Bölt delta på UKM i Kristiansund. Kva dei skal spele, er framleis ikkje heilt bestemt.
– Vi er framleis usikre på kva vi skal spele. Det er litt vanskeleg å vite, seier Tobias.
For akkurat no trivst dei best med å spele andre sine låtar. Men ønskjet er å snart kunne spele noko dei har laga sjølv.
– Vi har litt forskjellige riff som vi prøver å smekke i hop. Vi prøver å få ut ein debutsong, seier Tobias.
Det er kanskje slik Bölt starta òg, med litt av kvart som blei smekka saman.
Ein trommespelar. To gitaristar. Ein bassist. Ein vokalist. Ein lydteknikar. Og seks gutar som hadde lyst til å spele.
No prøver dei å finne sin eigen lyd.